Avtale om eit internasjonalt Barentssekretariat i Kirkenes
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Nr: 135/07 | Dato: 16.11.2007
- Eg er glad for at vi no får eit internasjonalt sekretariat for Barentssamarbeidet. Dette er ein avtale som Noreg har arbeidd lenge for å få til, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Ein avtale om å skipa eit internasjonalt sekretariat for Barentssamarbeidet i Kirkenes vart underteikna på utanriksministermøtet i Barentsrådet i Rovaniemi 15. november.
- Eg er glad for at vi no får eit internasjonalt sekretariat for Barentssamarbeidet. Dette er ein avtale som Noreg har arbeidd lenge for å få til, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Avtalen er inngått mellom Finland, Noreg, Russland og Sverige. Dei andre medlemslanda og Regionkomitéen, herunder arbeidsgruppa for urfolk, stør tiltaket.
Samstundes med avtalen om skiping av sekretariatet vart det underteikna ein vertslandsavtale mellom Noreg og sekretariatet, sidan sekretariatet skal ha tilhaldsstad i Kirkenes
- Barentssamarbeidet er i dag ein berebjelke i norsk nordomårdepolitikk. Eit internasjonalt sekretariat vil kunna styrkja det arbeidet som allereie er i gang, og også gjera Barentssamarbeidet betre budd til å møta nye utfordringar, seier utanriksministeren.
Føremålet er å styrkja effektivitet, kontinuitet og koordinering i samarbeidet. Sekretariatet skal yta tekniske tenester til dei offisielle organa og arbeidsgruppene i Barentssamarbeidet, og delta i prosjektgjennomføring og informasjonsspreiing. Sekretariatet får status som internasjonal organisasjon.