Historisk arkiv

Forlenging av Gråsoneavtalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Ein avtale om ei mellombels praktisk ordning for fisket i eit område som grensar til Noreg i Barentshavet blei inngått mellom Noreg og det tidlegare Sovjetunionen første gangen 11. januar 1978 (Gråsoneavtalen). Ved brevveksling i Oslo i dag er avtalen forlenga med eitt år til 1. juli 2008.

Ein avtale om ei mellombels praktisk ordning for fisket i eit område som grensar til Noreg i Barentshavet blei inngått mellom Noreg og det tidlegare Sovjetunionen første gangen 11. januar 1978 (Gråsoneavtalen). Avtalen har sidan blitt forlenga 29 gonger for eitt år om gongen, siste gong til 1. juli 2007.

Avtalen går i hovudsak ut på at partane skal la vera å kontrollera og driva noko form for handheving mot fiskefartøy til einannan. Den inneheld òg reglar om korleis partane skal forholda seg overfor fartøy frå tredjeland.

Ved brevveksling i Oslo i dag er avtalen forlenga med eitt år til 1. juli 2008.