Regjeringa med nytenking i kriseførebygging
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Nr: 146/07 | Dato: 07.12.2007
Kampen mot klimaendringane står sentralt i regjeringa si melding til Stortinget om norsk politikk for å førebygge humanitære katastrofar, som vert lagt fram i dag.
Kampen mot klimaendringane står sentralt i regjeringa si melding til Stortinget om norsk politikk for å førebygge humanitære katastrofar, som vert lagt fram i dag.
- Klima- og miljøendringane utfordrar norsk utanriks- og utviklingspolitikk til å tenkje nytt. I tillegg til å redusere utslepp av klimagassar må innsatsen rettast inn mot å hjelpe fattige og sårbare statar med å tilpasse seg til dei endringane i klima som allereie er ein realitet, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Samstundes med at FNs klimatoppmøte finn stad på Bali, legg utanriksminister Støre og miljø- og utviklingsminister Erik Solheim denne veka fram ei stortingsmelding om førebygging av humanitære katastrofar på vegne av regjeringa.
- Klimaendringane er ein trussel mot arbeidet med fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling og vil kunne føre til ein auke i talet på humanitære katastrofar i åra som kjem, seier miljø og utviklingsminister Erik Solheim.
Ved sida av klima- og miljøendringane ser meldinga nærare på at det no bur fleire menneske i byar og tettstader enn på landsbygda, noko som fører med seg meir forslumming i allereie utsette område. Dermed aukar òg risikoen for humanitære katastrofar som skyldast flaum, jordskred og orkanar. Dei truar også freden i mange land, noko som har ført til at FNs tryggingsråd har sett saka på dagsorden.
- Regjeringa er oppteken av at komplekse kriser i aukande grad råker land som er i konflikt, og kor staten har liten styringsevne og forvaltningskapasitet. Klima- og miljøendringar og meir migrasjon kan føre med seg ytterligare svekking av sårbare statar og gje grobotn for nye konfliktar, seier Støre.