Historisk arkiv

Regjeringa ettergjev heile Malawis gjeld til Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag gjort vedtak om heilt å slette Malawis gjeld til Noreg. Restgjelda er på om lag 3,8 millionar kroner.

Regjeringa har i dag gjort vedtak om heilt å slette Malawis gjeld til Noreg. Restgjelda er på om lag 3,8 millionar kroner.

Gjeldsslettinga skjer i samband med gjeldssletteinitiativet for dei fattigaste, mest forgjelda landa – det såkalla HIPC-initiativet (Heavily Indebted Poor Countries). Dette er ei oppfølging av ein multilateral avtale i Paris-klubben frå oktober 2006 då Malawi fekk sluttoppgjeret sitt under HIPC-ordninga. Noreg vart her forplikta til å ettergje 100 % av den restgjelda Malawi hadde.