Historisk arkiv

Utanriksminister Støre fordømmer bombeåtak i Somalia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Jonas Gahr Støre fordømmer sjølvmordsbombinga i Baladweyne i Sentral-Somalia torsdag, der den somaliske tryggingsministeren, Omar Hashi Aden, var blant dei meir enn 20 drepne.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre fordømmer sjølvmordsbombinga i Baladweyne i Sentral-Somalia torsdag, der den somaliske tryggingsministeren, Omar Hashi Aden, var blant dei meir enn 20 drepne.

- Noreg tek avstand frå denne brutale handlinga. Det er eit forkasteleg forsøk på å undergrava fredsprosessen i Somalia, uttalar Støre.

- Eg oppmodar på nytt alle somaliarar som ynskjer fred i landet, om å ta avstand frå valdelege metodar, og støtta den FN-leidde Djibouti-prosessen, seier utanriksministeren.