Historisk arkiv

Egeland leiar internasjonal klimagruppe

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Jan Egeland er 26. februar vald til å leie ei internasjonal gruppe som skal lage eit system for å samle og spreie klimainformasjon.

Jan Egeland er i dag vald til å leie ei internasjonal gruppe som skal lage eit system for å samle og spreie klimainformasjon.

Egeland vart vald på eit møte i Verdas meterologiorganisasjon (WMO) i dag. Han skal leie ei gruppe som skal lage eit felles rammeverk for klimainformasjon i verda.

- Egeland har bakgrunn og kompetanse som vil styrke dette viktige arbeidet. Ikkje minst er dette viktig for dei fattigaste landa, som vert aller hardast råka av klimaendringane, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Jan Egeland skal leie panalet saman med den tidlegare egyptiske vassministeren Dr. Abu Zeid. Andre medlemmer i panelet er Emil Salim, tidlegare miljøvernminister i Indonesia, og Ricardo Lagos, tidlegare president i Chile.

Det komande året skal arbeidsgruppa lage ein rapport og tilrå eit globalt rammeverk for klimainformasjon og klimatenester. Arbeidet vert lagt fram på årsmøtet til meteorologiorganisasjonen i 2011.

- Informasjon om dagens og framtidas vèr og klimaendringar vert lettare tilgjengeleg. Det vil alle som arbeidar med helse, landbruk og katastrofeberedskap ha glede av, seier Solheim.

Pressekontakt: Informasjonssjef Trond Viken, epost trv@mfa.no, mobil 992 18 303.

 ***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du no les har ein verdi på 39. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.