Solheim vitjar Nepal
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Nr: Unr./10 | Dato: 11.02.2010
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vitjar Kathmandu i mars 2010 for å følgje opp det norske fredsarbeidet.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vitjar Kathmandu i mars 2010 for å følgje opp det norske fredsarbeidet.
Solheim skal ha samtalar med toppleiarane i fredsprosessen mellom anna for å drøfte den politiske utviklinga. Fredsprosessen er i ein kritisk fase. Noreg har lenge aktivt støtta opp om arbeidet for fred i landet.
Under reisa vil Solheim òg sjå nærare på norsk bistand til Nepal. Dei seinare åra er norsk bistand til landet trappa opp. Støtte til stabilitet og fredleg, langsiktig utvikling er prioriterte område. Bistanden var på om lag 260 millionar kroner i 2008.
Ein ber presse som ynskjer å delta på heile eller deler av reisa å ta kontakt for ytterlegare informasjon.
Pressekontakt: Informasjonsrådgivar Trine Jøranli Eskedal, e-post: trj@mfa.no, mobil 415 21 639 (med på reisa).