Solheim lanserer Sørfond
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 08.10.2010
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim lanserer eit nytt, internasjonalt filmfond.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim lanserer eit nytt, internasjonalt filmfond.
Sørfond skal støtte filmskaparar og produksjonsselskaper frå land i sør. Den økonomiske krisa har mellom anna gjort det vanskeleg å finne pengar til produksjon av film.
Dette fondet gir filmskaparar moglegheiten til å nå ut i verda med sine bodskap. I mange land tar film opp vanskelege eller kontorversielle tema som homofili, ytringsfridom, likestilling og likeverd.
Fondet er ein del av Norsk Filminstitutt. Utanriksdepartementet og Kulturdepartementet gir pengar til fondet.
Tid: kl. 09.30, mandag 11. oktober
Stad: Filmens Hus, Dronningens gate 16, Oslo
Etter lanseringa møter Solheim filmskaparen og Haitis tidlegare kulturminister, Raoul Peck.
Pressekontakt for Solheim: Pressevakta for utviklingssaker i UD, mobil 913 95 000 (ikkje SMS).