Historisk arkiv

Fiskaa besøkjer Nepal, India og USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Statssekretær for utviklingssaker, Ingrid Fiskaa, er til stades når Nepal lanserar sin handlingsplan for kvinner, fred og sikkerheit. Ho skal òg besøkje India og USA.

Statssekretær for utviklingssaker, Ingrid Fiskaa, er til stades når Nepal lanserar sin handlingsplan for kvinner, fred og sikkerheit. Ho skal òg besøkje India og USA.

Nepal er på veg ut av ei årelang konflikt. Noreg støttar kvinner si deltaking i fredsprosessen og i oppbygginga av landet.

- Kvinner har vore hardt ramma av konflikta i Nepa. Mange har sjølv vore med i borgarkrigen. Eg vil lyfte fram kvinner si rolle og deltaking i fredsbygginga. Det er ikkje bare menn som har ressursar og makt. Nepal sin handlingsplan er eit viktig skritt i riktig retning, seier Fiskaa.

I oktober er det ti år sidan Sikkerheitsrådet i FN vedtok resolusjonen om kvinner, fred og tryggleik. Noreg har støtta ei rekke tiltak for å auke kvinner si deltaking og styrke vernet av kvinner i konflikt, særlig mot seksualisert vold.

Nepal er det første landet i Sør-Asia som utarbeidar ein egen handlingsplan for kvinner, fred og tryggleik. Styresmaktene har samarbeida med lokale kvinneorganisasjonar. Planen inneheld konkrete tiltak for å auke kvinner si deltaking i samfunnet og kjempe mot straffefridom for seksualisert vald.

Fiskaa skal òg på feltbesøk i Nepal for å sjå næreare på utdanning, energi og lokalt styresett i tillegg til å ha politiske samtalar.

I India skal Fiskaa ha politiske samtalar om klima, uloveleg kapital flukt og rolla til kvinner i landsbyutvikling. Dette er viktige område i samarbeidet mellom India og Noreg.

I USA skal Fiskaa delta på årsmøtet i Verdsbanken og ha politiske samtalar.

Pressekontakt: Rådgivar Sondre Bjotveit (med på reisa), mobil 980 32 070.

 ****

Pressemeldinger og nyheter om bistand og utvikling skal være lett å lese. Solheims rådgivere bruker Liks til å teste hvor enkle tekster er å lese. Denne pressemeldingen har en verdi på 38. Det er det samme som i ukeblader. Les mer om kampen for et enklere språk i staten hos Klarspråk.no.