Historisk arkiv

Solheim og Barth Eide møter World Economic Forum om nordiske erfaringar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og statssekretær Espen Barth Eide møter World Economic Forum i Genève måndag 30. august.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og statssekretær Espen Barth Eide møter World Economic Forum i Genève måndag 30. august.  

Temaet er kva som kjenneteiknar dei nordiske erfaringane. World Economic Forum (WEF) vil ha dette som tema på seminaret sitt i Davos i 2011.  

Det internasjonale samfunnet står ovafor komplekse utfordringar i kjølvatnet av finanskrisa. Norden er leiande på mange område. Dei nordiske landa er tilpasningsdyktige, fleksible og produktive. Det gjeld mellom anna innanfor økonomisk stabilitet, sosial inkludering, evne til å konkurrere, nyskaping og investeringar i grøn økonomi. Det er stor interesse for dette i andre land. 

Sjølve møtet er lukka for presse. Solheim og Eide vil vere tilgjengelege for presse før og etter møtet. 

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgivar Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459 (for Solheim).
Rådgivar Jannicke Graatrud, mobil 472 59 687 (for Barth Eide).

**** 

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lette å lese. Solheims rådgjevarar brukar Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Teksten du les no har ein verdi på 36. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no