Noreg og Russland underteiknar avtale om grensebuarbevis
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 02.11.2010
I samband med det andre utanriksministermøtet i Den nordlege dimensjon i Oslo 2. november underteikna Noreg og Russland ein avtale om forenkling av reiser for grensebuarar i Noreg og Russland.
- Avtalen om grensebuarbevis vil innebere ei vesentleg forenkling for innbyggjarane i grense¬området, og dermed leggje til rette for auka kontakt mellom Noreg og Russland. Dette er eit viktig steg på vegen til å opne opp grenseområdet for endå tettare kontakt og samarbeid mellom Noreg og Russland i nord, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Innbyggjarane i dei delane av Noreg og Russland som ligg mindre enn 30 kilometer frå grensa, samt heile Korzunovo kommune, vil kunne søkje om grensebuarbevis. Innehavarar kan opphalde seg i opptil 15 dagar i strekk i grenseområdet i den andre staten utan visum. Avtalen vil omfatte opptil 9 000 personar i Sør-Varanger kommune og opptil 45 000 personar i Petsjenga rajon på russisk side.
- Avtalen vil styrkje det regionale samarbeidet i nord og leggje til rette for auka aktivitet på land, både innan turisme og anna næringsliv. Det vil og betre vilkåra for folk-til-folk-samarbeidet i våre to land, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.
Forhandlingane om grensebuarbevis er på norsk side blitt leidde av Justisdepartementet, som også vil koordinere arbeidet med å innføre ordninga.
- Eg er godt nøgd med at denne avtalen kjem på plass. Vi har i seinare tid òg styrkt samarbeidet med russiske myndigheiter på justissektoren, og vi har ein avtale om tilbaketaking av personar utan lovleg opphald. Den fungerer godt, seier justisminister Knut Storberget.
Grensebuarbeviset er eit steg på vegen i ein større prosess for å opne for meir samarbeid over den norsk-russiske grensa. Utanriksministrane Støre og Lavrov har sett seg høge mål for det vidare samarbeidet mellom Noreg og Russland, og ei felles norsk-russisk erklæring om styrkt grensenært samarbeid ble også underteikna i dag.
- Felleserklæringa om styrkt grensenært samarbeid viser at Russland og Noreg har felles dagsorden når det gjeld utvikling av samarbeidet i nord. Det finst eit stort potensial på område som til dømes petroleumsutvinning, energieffektivisering og reiseliv. Vi har også mykje å vinne på å styrke samarbeidet om miljø og sjøsikkerhet, seier Støre.
- For at det grenseoverskridande samarbeidet skal fungere, må gode ordningar for grensepassering, arbeidsmigrasjon og tollklarering vere på plass. Ennå kan mykje gjerast for å betre dagens ordningar. Desse temaa står difor sentralt i erklæringa, seier utanriksministaren.
De to utanriksministrane vil følgje opp arbeide under erklæringa i sine regelmessige møter.
Felleserklæring fra Norge og Russland