Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 3, 2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Nr: Unr./10 | Dato: 15.01.2010
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 3.
Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert jamleg kunngjort på kalenderen på regjeringen.no.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre
Laurdag 16. – onsdag 20. januar
Utanriksminister Støre er på rundreise i Midtausten. Sjå priv til red.
Pressekontakt: Underdirektør Ragnhild Imerslund, mobil: 414 79 363.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Måndag 18. januar
Miljø- og utviklingsministeren deltek på markering av navnebyte frå Statens forurensningstilsyn til Klima- og forurensningsdirektoratet. Solheim har innlegg og deltar i ein paneldebatt om vegen videre for Norge etter klimatoppmøtet i København. I debatten deltek Cicero-direktør Pål Prestrud, direktør Gro Brækken i Oljeindustriens Landsforening, Naturvernforbundets leiar Lars Haltbrekken, direktør i Norsk Industri Stein Lier-Hansen og direktør i det nye Klima- og forurensningsdirektoratet Ellen Hambro. Stad: Statens forurensningstilsyn (Klima- og forurensningsdirektoratet), Helsfyr.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Tone Hertzberg (MD), mobil 911 91 313
Statssekretær Gry Larsen
Måndag 18. - torsdag 21. januar
Statssekretær Larsen er i Washington D.C. for bilaterale samtalar.
Pressekontakt: Rådgjevar Jannicke Graatrud, mobil: 472 59 687.
Statssekretær Erik Lahnstein
Tysdag 19. januar
Statssekretær Lahnstein er i Alta. Her deltek han på reiselivsseminaret ”Direkte fly til Nord-Norge” samt gjestar Høgskulen i Finnmark.
Pressekontakt: Pressevakta UD, mobil: 23 95 00 02.