Historisk arkiv

Utdrag frå programmet til Utanriksdepartementet i veke 7

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Her følgjer eit utdrag av programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 7.

Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert jamleg kunngjort på  kalenderen på regjeringen.no.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre

Måndag 15. februar
Kl. 10.00: Utanriksminister Støre møter Shirin Ebadi. Stad: Utanriksdepartementet. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, mobil: 23 95 00 02. 

Kl. 18.00: Utanriksminister Støre held innlegget ”Menneskeretter – i framgang og derfor under press. Korleis Noreg kan gjere ein forskjell” under Menneskerettsuka på Universitetet i Oslo. Stad: Frokostkjelleren, Det juridiske fakultet.  

Pressekontakt: Pressevakta UD, mobil: 23 95 00 02. 

Tysdag 16. februar
Kl. 12.00: Utanriksminister Støre svarar på interpellasjon frå Peter Skovholt Gitmark (H) om bilaterale menneskerettsdialogar. 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Bjørn Jahnsen, mobil: 971 64 843. 

Torsdag 18. februar
Kl. 10.00: Utanriksminister Støre deltek i debatten i etterkant av Afghanistan-utgreiinga som han heldt tysdag 9. februar. 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Bjørn Jahnsen, mobil: 971 64 843.

Torsdag 18. og fredag 19. februar
Utanriksminister Støre er i London. Torsdag skal utanriksministeren halde foredrag om Nordområda på Wilton Park-konferansen. Fredag deltek han på møtet i Policy Network, deretter møter han utanriksminister David Miliband. 

Pressekontakt: Seniorrådgjevar Jørn Gloslie, mobil: 993 09 411. 

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Måndag 15. februar
Miljø- og utviklingsminister Solheim deltek på opninga av det nye biogassanlegget på Bekkelaget i Oslo. Han reiser til Bekkelaget med biogassbuss frå Rådhuset. Solheim held dernest opningstale på anlegget før han får ei kort omsyning. Det er mogleg for pressa å gjere individuelle intervju.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg (MD), mobil 911 91 313

Miljø- og utviklingsminister Solheim møter Strategisk råd for miljøteknologi. Nærings- og handelsminister Trond Giske deltek også. Møtet finn stad i R5 i regjeringskvartalet, Akersgata 59. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar etter møtet.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Gard Nybro-Nielsen (MD), mobil 952 44 674

Tysdag 16. februar
Miljø- og utviklingsminister Solheim møter Mosambiks ambassadør Pedro Commissario i forkant av si føreståande reise til Mosambik.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.

Onsdag 17. februar
Miljø- og utviklingsminister Solheim tek imot rapporten «Klimakur 2020» frå Klima- og forureiningsdirektoratet. Rapporten gir eit oversyn over tiltak for å få ned klimagassutsleppa fram mot 2020. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar etter overrekkinga. Stad: Klima- og forureiningsdirektoratet, Strømsveien 96, Helsfyr.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg (MD), mobil 911 91 313

Statssekretær Gry Larsen

Tysdag 16. og onsdag 17. februar
Statssekretær Larsen er i Kairo. Her skal ho opne det nye ambassadebygget samt ha bilaterale samtalar. 

Pressekontakt: Rådgjevar Jannicke Graatrud, mobil: 472 59 687.

Statssekretær for utviklingssaker Ingrid Fiskaa

Tysdag 16. februar
Kl. 12.15: Statssekretær Fiskaa deltek på dagen for internasjonale arbeidsgivarar på Universitetet i Oslo. Fiskaa held innlegg og står på stand for å fortelje om ulike jobbar innanfor feltet bistand og utvikling. Stad: Auditorium 2 og møtetorg i foajeen, Eilert Sundts hus, Blindern.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.

Kl. 14.30:  Statssekretær Fiskaa møter redaktør Mario Lubetkin i Inter Press Service.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.

Kl. 15.00: Statssekretær Fiskaa møter generalsekretær Kari-Mette Eidem i Caritas Norge.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.

Onsdag 17. februar
Kl. 09.00: Statssekretær Fiskaa møter nettverket Global Campaign for Education Norge for å snakke om arbeidet med FN sitt mål om utdanning for alle.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.

Torsdag 18. februar
Statssekretær Fiskaa deltek på EU sitt uformelle utviklingsministermøte i Segovia, Spania. På dagsordenen står mellom anna Haiti og nye vegar for å skaffe pengar til utvikling i fattige land.

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.