Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 4, 2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Nr: Unr./10 | Dato: 22.01.2010
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 4.
Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert jamleg kunngjort på kalendaren på regjeringa.no.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre
Måndag 25. januar
Kl. 14.00: Utanriksminister held innlegg på Kinaforum. Stad: Ingeniørenes hus, Kronprinsens gate 17.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Bjørn Svenungsen, mobil: 480 45 122.
Tysdag 26. januar
Utanriksminister Støre gjestar Stockholm. Her skal han avduke ein minneplakett der den norske legasjonen heldt til ved krigsutbrotet i 1940, ha møte med utanriksminister Carl Bildt samt delta på symposiet ”Ten Years with the Stockholm Declaration” i samband med Noregs formannskap i Holocaust Task Force.
Pressekontakt: Seniorrådgjevar Jørn Gloslie, mobil: 993 09 411.
Tysdag 26. – onsdag 27. januar
Utanriksminister Støre er i Paris. På tysdag skal Støre møte utanriksminister Bernard Kouchner etterfylgt av ein arbeidsmiddag saman med Kouchner, Tony Blair med fleire - der tema er Midtausten. Onsdag har han møte med Sarkozys diplomatiske rådgjevar Jean David Levitte og utenrikskomiteen i den franske nasjonalforsamlinga.
Pressekontakt: Seniorrådgjevar Jørn Gloslie, mobil: 993 09 411.
Onsdag 27. – torsdag 28. januar
Utanriksminister Støre er i London der han deltek på den internasjonale konferansen om Afghanistan.
Pressekontakt: Ambassaderåd Stein Iversen, mobil: 0044 777 5524 737.
Fredag 29. januar
Kl. 11.30: Utanriksminister Støre møter Armenias utanriksminister Eduard Nalbandyan. Stad: Parkveien 45.
Pressekontakt: Pressevakta UD, mobil: 23 95 00 02.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Måndag 25. januar
Miljø- og utviklingsministeren deltek på seminar for å drøfte FNs organisasjon for utdanning, vitskap og kultur og klimaendringar. Stad: Strangersalen, Gamle Logen, Grev Wedels plass 2, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.
Onsdag 28. januar
Miljø- og utviklingsministeren inviterer til pressefrukost for å drøfte dei viktigaste sakene innan miljø og utvikling dette året. Stad: Restaurant Løvebakken, Stortingsgaten 2, Oslo. Påmelding til pressekontaktane (med omsyn til servering). Sjå priv. til red.
Pressekontaktar: Informasjonsrådgiver Wera Helstrøm (Utanriksdepartementet), mobil 994 09 323 eller kommunikasjonssjef Jon Berg (Miljøverndepartementet), mobil 905 69 495.
Statssekretær Gry Larsen
Tysdag 26. januar
Kl. 12.00: Statssekretær Larsen har møte med ei rekkje NGOar. Møtet vert arrangert i samband med utanriksministerens reise til Kasakhstan i februar. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, mobil: 23 95 00 02.
Torsdag 28. januar
Statssekretær Larsen er på Raufoss. Her skal ho ha møte med Nammo AS som er ein nordisk våpen- og ammunisjonsprodusent.
Pressekontakt: Rådgjevar Jannicke Graatrud, mobil: 472 59 687.
Statssekretær Erik Lahnstein
Måndag 25. januar
Statssekretær Lahnstein held innlegget ” The influence of COP15 on the development of the Arctic” på Arctic Frontiers i Tromsø. Stad: Universitetet i Tromsø.
Pressekontakt: Pressevakta UD, mobil: 23 95 00 02.
Tysdag 26. januar
Statssekretær Lahnstein er i Harstad. Her skal han gjeste Høgskulen i Harstad samt ha møte med Statoil.
Pressekontakt: Pressevakta UD, mobil: 23 95 00 02
Statssekretær for utviklingssaker Ingrid Fiskaa
Måndag 25. januar
Statssekretæren møter Norsk Folkehjelp i samband med reisa til Latin-Amerika. Stad: Norsk Folkehjelp, Storgt. 33, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000.
Onsdag 27. januar – onsdag 3. februar
Statssekretæren vitjar Paris, Chile og Bolivia. Fokus for reisa er kapital, skatt, utvikling og naturressursar. Les meir her.
Pressekontakt: Informasjonssjef Trond Viken (UD), mobil 992 18 303 (med på reisa).