Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 33, 2010
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 13.08.2010
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 33.
Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalendaren på regjeringa.no.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre
Onsdag 18. august
Kl. 08.30: Utanriksminister Støre møter Skottland sin fyrsteminister, Alex Salmond. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 11.00: Utanriksminister Støre held ei innleiing for deltakarane på sjefskurset til Forsvarets høgskule. Stad: Akershus festning
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 12.00: Utanriksminister Støre møter Estland sin utanriksminister Urmas Paet til lunsj. Stad: Regjeringa sitt representasjonsanlegg, Parkveien 45.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Kl. 15.00: Utanriksminister Støre møter professor John Ruggie frå Harvard KSG. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Mandag 16. – tysdag 17. august
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkjer Houston, New Orleans og Mexicogolfen. Han har møter med oljeselskapa og lokale styresmaktar. Han skal også fly over området der oljeulykka skjedde og han skal sjå på skadane etter ulykka.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Jon Berg (MD), mobil 905 69 495 (med på reisa).
Onsdag 18. – søndag 22. august
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkjer Uruguay, Bolivia, Paraguay og Venezuela. Han har møter med ministrar og presidentar, og skal på feltbesøk. Blant anna skal han besøkje ein isbre i nærleiken av La Paz i Bolivia og sosiale prosjekt i Caracas i Venezuela.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Jon Berg (MD), mobil 905 69 495 (med på reisa).
Statssekretær Erik Lahnstein
Tysdag 17. august
Statssekretær Lahnstein deltek på ein middag med professor John Ruggie frå Harvard KSG.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Onsdag 18. og torsdag 19. august
Statssekretær Lahnstein vitjar Sametinget.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Ingrid Fiskaa
Tysdag 17. august
Statssekretær Fiskaa møter general Sharma frå Nepal. Tema for samtalen er rehabilitering av maoistsoldatar i Nepal.
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker i UD, mobil 913 95 000.