Historisk arkiv

Statssekretær Ingrid Fiskaa reiser til Zambia og Etiopia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Ingrid Fiskaa vitjar Zambia og Etiopia 22.-25. februar for å sjå nærare på det norske utviklingssamarbeidet med landa. Dette er første reise for Fiskaa til Afrika som statssekretær for miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Ingrid Fiskaa vitjar Zambia og Etiopia 22.-25. februar for å sjå nærare på det norske utviklingssamarbeidet med landa. Dette er første reise for Fiskaa til Afrika som statssekretær for miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. 

Zambia er eit land rikt på naturressursar. Likevel er landet framleis avhengig av bistand. Kva gjer Zambia for å sikre seg andre inntekter? Og kva gjer landet for å kjempe mot maktmisbruk og korrupsjon? Dette er blant tema Fiskaa vil ta opp med styresmaktene og sivilt samfunn. Kva Zambia gjer for å tilpasse seg klimaendringane er ei anna viktig sak. Fiskaa skal mellom anna sjå på korleis fattige bønder har lagt om til eit jordbruk som er mindre sårbart for klimaendringar.

I Etiopia tek Fiskaa del i FN-toppmøte om utdanning. Over 70 millionar born verda over manglar skuletilbod. I Etiopia gjeld det meir enn tre millionar jenter. Fiskaa skal i felt undersøke nærare kva FN med norsk støtte har gjort for å bøte på problemet. Fiskaa vil også følgje opp kampen mot kjønnslemlesting. Dette er ein viktig del av Noregs samarbeid med Etiopia, kor kjønnslemlesting er utbreitt.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon om programmet eller om interesse for å dekkje reisa.

Pressekontakt: Informasjonsrådgivar Wera Helstrøm (med på reisa), mobil 994 09 323, e-post: weh@mfa.no.