Betre kontroll med Schengens yttergrenser
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Nr: 17/10 | Dato: 19.02.2010
Regjeringa har bestemt at Noreg skal slutte seg til EUs yttergrensefond. Fondet skal sikre ein einsarta og tilstrekkeleg kontroll av Schengens yttergrenser og ei effektiv handtering av migrasjonsstraumar.
Regjeringa har i dag bestemt at Noreg skal slutte seg til EUs yttergrensefond. Fondet skal sikre ein einsarta og tilstrekkeleg kontroll av Schengens yttergrenser og ei effektiv handtering av migrasjonsstraumar.
– Auka kvalitet på visumutsferding og yttergrensekontroll også i andre Schengen-statar vil vere positivt for Noreg, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
Yttergrensefondet sørgjer for at byrda med å kontrollere dei ytre grensene og handtere migrasjonsstraumane blir solidarisk fordelt mellom deltakarstatane i Schengen-samarbeidet.
– Prinsippet om byrdefordeling mellom Schengen-statane i forvaltninga av dei felles ytre grensene er grunnleggjande i EUs felles grensepolitikk, seier utanriksministeren.
Yttergrensefondet utgjer totalt ca. 1,8 milliardar euro fram til 2013.
Noreg skal i denne perioden bidra med ca. 329 millionar kroner.
Noreg vil òg få tildelt midlar frå fondet. Desse midlane skal brukast til å finansiere prosjekt i Schengen-samarbeidet. Det kan vere investeringar i utstyr til grensekontroll og grenseovervaking eller opplæring av grensekontrollørar og visumpersonell. Fondet kan som hovudregel dekkje inntil 50 prosent av prosjektkostnadene.