Historisk arkiv

Noreg fordømmer valdsbruken i Bahrain

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

– Noreg fordømmer valdsbruken mot fredelege demonstrantar i Bahrain, og vi er uroa over utviklinga i landet. Det er særleg urovekkjande at konflikten ser ut til å få ein sekterisk dimensjon mellom sjia- og sunnimuslimar i kongedømet, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

– Konflikten i Bahrain må løysast med politiske forhandlingar, difor er det viktig at den nasjonale dialogen mellom kongehuset og demonstrantane om naudsynte reformar kjem i gang så snart som råd. Noreg oppmodar alle partar til å avstå frå uakseptabel maktbruk. Styresmaktene må respektere ytringsfridomen og tillate fredelege demonstrasjonar, seier utanriksministeren. 

Natt til onsdag tok bahrainske tryggingsstyrkar over Perle-plassen i hovudstaden Manama, som har vore tilhaldsplassen for demonstrantane i fleire veker. Tysdag innførte Bahrain unntakstilstand. Måndag kom militære og politi frå Samarbeidsrådet for dei arabiske statane i Gulfen (særleg Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata) til Bahrain etter førespurnad frå bahrainske styresmakter.