Historisk arkiv

Lansering av nytt bistandsprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Noreg vil hjelpe fattige land å auke eigne skatteinntekter. Fredag 11. mars lanserer statssekretær Ingrid Fiskaa det nye bistandsprogrammet «Skatt for utvikling».

Noreg vil hjelpe fattige land å auke eigne skatteinntekter. Fredag 11. mars lanserer statssekretær Ingrid Fiskaa det nye bistandsprogrammet «Skatt for utvikling».

– Auka skatteinntekter vil gjere fattige land betre i stand til å finansiere eiga utvikling og mindre avhengig av bistand frå andre. Vi har erfaring med å utvikle gode system for å krevje inn skatt i Noreg. Den norske modellen kan ikkje overførast direkte til andre land, men vi har verdifull kunnskap å dele, seier Fiskaa.

Stad: Utviklingshuset, Brynjulf Bulls plass 2 (ved Vestbanen)
Tidspunkt: kl 1000

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgivar Christian Grotnes Halvorsen, tlf 48 15 37 48

***

Pressemeldingar og nyheiter om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Rådgivarane til Solheim bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 34. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no.