Historisk arkiv

Fiskaa besøkjer Haiti og Cuba

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Statssekretær Ingrid Fiskaa er til stades når Michel Martelly vert sett inn som ny president i Haiti denne veka.

– Det er store forhåpningar til at Martelly skal bringe utvikling til eit land som allereie før jordskjelvet var det fattigaste og minst utvikla i heile regionen, seier Fiskaa.

Noreg er bland dei største givarane etter jordskjelvkatastrofen som ramma Haiti i januar 2010. Når president Michel Martelly vert sett inn, vil Noreg vere representert ved statssekretæren i Utanriksdepartementet. Noreg støttar Haiti med 800 millionar kroner over fire år.

– Det er viktig at vi held tett kontakt slik at våre bidrag støttar opp om det styresmaktene i Haiti vil utrette, seier Fiskaa.

Saman med den haitiske og dominikanske miljøvernministeren vil Fiskaa lansere eit nytt miljøprosjekt på grensa mellom Haiti og Den dominikanske republikk. Fiskaa skal møte haitiske politikarar, norske politifolk og hjelpearbeidarar samt representantar frå FN og det internasjonale miljøet.

Les meir om Noreg sin innsats i Haiti:

Statssekretæren besøkjer også Cuba. Ho planlegg å møte kubanske styresmakter, den katolske kyrkja og det kubanske kultur- og samfunnslivet. Fiskaa vil ta opp fiskeoppdrett og bistandsprogrammet Olje for utvikling, samt situasjonen for menneskerettane og kva for nokre konsekvensar den nylige partikongressen vil ha for utviklinga på Cuba.

Les meir om samarbeidet mellom Noreg og Cuba her:

Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje sms).

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.