Historisk arkiv

Nytt program: Skatt for utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Noreg vil hjelpe fattige land å auke eigne skatteinntekter. Fredag 11. mars lanserte statssekretær Ingrid Fiskaa det nye programmet «Skatt for utvikling».

Noreg vil hjelpe fattige land å auke eigne skatteinntekter. I dag lanserte statssekretær Ingrid Fiskaa det nye programmet «Skatt for utvikling».


Foto: Christian Grotnes Halvorsen

– Auka skatteinntekter vil gjere fattige land betre i stand til å finansiere eiga utvikling og mindre avhengig av bistand frå andre. Det har aldri vore tanken at bistand skulle erstatte skattar og avgifter i mottakarlanda, seier Fiskaa.

Det nye programmet er konsentrert om fire område:
• hjelpe samarbeidsland å lage betre system for å krevje inn skatt frå innbyggjarane
• forske på skatt og kapitalflukt og dele kunnskap med fattige land
• samarbeide internasjonalt i spørsmål knytt til skatt og kapitalflukt
• styrke den offentlege debatten og engasjementet om skatt og kapitalflukt

Zambia, Mosambik og Tanzania er dei første tre landa Noreg samarbeider med innanfor dette feltet.

– Vi har erfaring med å utvikle gode system for å krevje inn skatt i Noreg. Den norske modellen kan ikkje overførast direkte til desse landa, men vi har verdifull kunnskap å dele, seier Fiskaa.


Fiskaa presenterte den nye programsatsingen på Utviklingshuset i Oslo.
Foto: Christian Grotnes Halvorsen

Mange land med stor fattigdom er rike på naturressursar. Desse tener internasjonale selskap store pengar på å utvinne. Det gjeld ikkje minst no når råvareprisane er høge og aukande. Men lite av denne rikdomen og verdiskapinga kjem landa til gode i form av skatt.

– Problemet er ofte at ei rad unntak skapar store hol i skattesystema. Mange selskap og enkeltpersonar betaler nesten ikkje skatt. Dersom dei rike slepp unna med lav eller ingen skatt, er det lite motiverande for andre å bidra, seier Fiskaa.

I Noreg utgjer skatteinntekter 44 prosent av brutto nasjonalprodukt (BNP). I mange fattige land i Afrika er andelen under 15 prosent. Fiskaa håpar at Skatt for utvikling-programmet kan styrke innkrevjinga av skattar i samarbeidslanda og samstundes skape større politisk engasjement:

– Er ein med å bidrar med pengar til det offentlege gjennom skatt, vil ein også stille krav til korleis dei blir nytta.

Sjå bilete frå lanseringa på flickr.


Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Christian Grotnes Halvorsen, tlf 48153748