Historisk arkiv

Solheim til toppmøtet om utvikling i Sør-Korea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Fleire enn 150 land deltek på det internasjonale toppmøtet om utvikling i Busan i Sør-Korea denne veka. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og andre internasjonale leiarar skal meisle ut framtidas utviklingspolitikk.

Fleire enn 150 land deltek på det internasjonale toppmøtet om utvikling i Busan i Sør-Korea denne veka. Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og andre internasjonale leiarar skal meisle ut framtidas utviklingspolitikk.

Møtet finn stad frå 29. november til 1. desember. Det er fjerde gong leiarane Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (t.h.) i samtale med Zimbabwes finansminister Tendai Biti under toppmøtet om utvikling i Busan, Korea. Foto: Svein Bæra, UDsamlas til eit slikt toppmøte, og aldri har fleire vore med. Alle store internasjonale organisasjonar og ei lang rekke frivillige organisasjonar og privat sektor deltek. Målet med toppmøtet i Busan er at samarbeid om utvikling skal vere mest mogeleg effektivt og gje gode resultat.

Eit liknande møte i 2005 skapte Pariserklæringa. Den har felles reglar for både dei som tar i mot bistand og dei som gir. Ei internasjonal evaluering viser mellom anna at utviklinga blir best for fattige land som sjølv sit i førarsetet for si eiga utvikling. 

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim (t.h.) i samtale med Zimbabwes finansminister Tendai Biti under toppmøtet om utvikling i Busan, Korea. Foto: Svein Bæra, UD 

- Vi står ved eit vegskilje. Dei siste åra har vist at makt har skifta frå nord og vest, til sør og aust – også i utviklingssamarbeidet. Land som Kina, India og Brasil vil no ha eit sterkare ord med i laget enn før, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

Møtet i Busan vil bestemme korleis fattige og rike land skal samarbeide om utvikling fram mot 2015. Dette er fristen for tusenårsmåla til FN. Nye former for samarbeid er viktig, til dømes om samanhengen mellom klima og energi, skatt og ulovleg kapitalflyt.

Solheim vil saman med mellom anna Etiopia sin statsminister Meles Zenawi og leiaren for FN sitt utviklingsfond Helen Clark, leie debatten om klimafinansiering. Dette vil spele inn til dei internasjonale klimaforhandlingane i Durban seinare i desember. Solheim vil og delta i drøftingar om korleis rike land kan gje utviklingspengar til fattige land etter at gode resultat har vorte dokumentert, og ikkje i forkant slik det har vore vanleg. Dette vert kalla resultatbasert finansiering.

I Busan kan ein vente at finanskrisa vil påverke mange av dei rike landa som har dominert internasjonalt utviklingssamarbeid. Det blir og diskusjonar om korleis dei fattige landa kan skape meir utvikling sjølve, til dømes gjennom betre skattesystem og forvaltning av eigne naturressursar. Då vil dei bli meir uavhengige av bistand.  

- Det er framleis naudsynt med bistand. Men bistand er ikkje nok for å skape utvikling. Pengane  må brukas slik at dei andre store pengestraumane blir omsett til velstand for folk i fattige land, seier Solheim og peiker på private investeringar, ulovlig kapitalflyt, skatt og oljeutvinning som døme på dette.

Les meir om toppmøtet.

Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Svein Bæra, mobil 916 72 042 (med på reisa) eller
pressevakta for utviklingsministeren, mobil 913 95 000 (ikkje sms).

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 38. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no