Historisk arkiv

Solheim besøkjer Myanmar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkjer Myanmar i oktober. Det er ei lovande utvikling i landet, og Solheim vil mellom anna møte styresmaktene i landet i tillegg til sivilsamfunn og internasjonale organisasjonar.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim besøkjer Myanmar i oktober. Det er ei lovande utvikling i landet. 

Solheim deltek mellom anna på konferansen Green Economy and Green Growth (GEGG) i hovudstaden Nay Pyi Taw. President Thein Sein opnar konferansen. 

Solheim vil mellom anna møte styresmaktene i Myanmar i tillegg til sivilsamfunn og internasjonale organisasjonar. Solheim ynskjer å sjå nærare på korleis Noreg kan bidra til å støtte reformkreftane og til å kjempe mot fattigdomen i landet.  

- Etter 20 år er det fantastisk å sjå at det skjer så mykje på så kort tid. Etter tiår med isolasjon er dette vakre landet eit av få «urørte» land i verda. Korleis kan vi bidra til at etterlengta utvikling ikkje raserer miljø og kulturskattar? seier Solheim. 

Det er no eit år sia fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi blei lauslate. Solheim planlegger å møte  Suu Kyi under sitt besøk.  

Noreg har dei to siste åra gitt til saman 320 millionar kroner i naudhjelp og anna humanitær bistand i Myanmar. Syklonen Nargis som ramma Myanmar i mai 2008 er den verste naturkatastrofen i landet nokon sinne. Over to millionar menneske vart råka, og rundt 140.000 menneske omkom. 

Solheim besøkte også Myanmar i januar 2009 og i juni 2010

Vi ber journalistar/fotografar som er interessert i å dekke reisa til Myanmar om å ta kontakt så raskt som mogleg. Alle journalistar må få pressevisum for å vere med på reisa. Det er berre nokre få plasser ledige for presse.

Pressekontakt:
Kommunikasjonssjef Trond Viken (med på reisa), mobil 992 18 303, trv@mfa.no.

***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgivarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 36. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.