Historisk arkiv

Solheim og Bondevik lanserer «Religion og utvikling»

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Erik Solheim og Kjell Magne Bondevik vil ta religion meir på alvor i utviklingspolitikken. Onsdag presenterer dei korleis, og kven dei 15 hjelparane deira er.

Erik Solheim og Kjell Magne Bondevik vil ta religion meir på alvor i utviklingspolitikken. Onsdag presenterer dei korleis, og kven dei 15 hjelparane deira er. 

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og leiar av Oslosenteret Kjell Magne Bondevik skal sjå nærare på samanhengen mellom religion og utvikling. Korleis bidreg religion som drivkraft for utviklinga i fattige land? Det er viktig å vite meir for å nå Noregs utviklings- og utanrikspolitiske målsettingar. 

Oslosenteret leiar prosjektet. Med seg har dei ei referansegruppe med 15 sentrale fagpersonar og representantar frå ulike livssyn. Heile gruppa vert presentert på onsdag. 

Når: Onsdag 16. mars, kl. 14.00.
Kor: Litteraturhuset, Oslo.

Pressekontakt for Solheim: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459.

Pressekontakt for Bondevik: Kommunikasjonsrådgjevar Håvard Kleppa, mobil 930 54 086.

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Solheims rådgjeverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no