Solheim opnar pionerprosjekt for økoturisme i Kenya
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 18.02.2011
Noreg har investert ni millionar kroner i eit pionerprosjekt for å foreine turisme og bærekraftig utvikling i den verdskjente nasjonalparken Masai Mara i Kenya. Verneområdet blir offisielt opna av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim mandag 21. februar.

– Den store vandringa av ville dyr i dette området er ein unik verdsarv. Lite vatten, privatisering av beitemark og overbefolkning har sett området under press. Eg er imponert over korleis deltakarane i prosjektet har samarbeidd om løysingar som alle kan tene på, seier Solheim.
Verneområdet er på 200 kvadratkilometer. Det er kome i stand etter samarbeid mellom lokalbefolkninga, landeigarar og turistindustrien. Prosjektet sikrar omlag 500 masaifamiliar inntekter i minst 15 år framover. Det statlege norske selskapet Norfund er samarbeidspartnar. Norfund har investert ni millionar kroner i prosjektet gjennom norske Basecamp Explorer Kenya.
Solheim er på reise i Aust-Afrika fram til 24. februar. Han skal óg besøke Burundi, Tanzania og Uganda.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Christian Grotnes Halvorsen, 481 53 748 (med på reisa)