Doblar stønaden til seksuelle minoritetar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 17.06.2011
Regjeringa aukar stønaden til Noregs internasjonale arbeid for rettane til seksuelle minoritetar.
Regjeringa aukar stønaden til Noregs internasjonale arbeid for rettane til seksuelle minoritetar.
- Dette er viktig i vårt internasjonale arbeid for menneskerettar. Men vi har framleis ein lang veg å gå for å stoppe diskriminering, vald og forfølging basert på seksuell orientering og kjønnsidentitet, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.
- Vi doblar nå stønaden til Landsforeninga for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar (LLH). Det er eit sensitivt tema i mange land. Vi støttar LLH og lokale krefter fordi dei har god kjennskap til utfordringane i sitt land. Dei gjer ein god og viktig jobb, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.
LLH sitt internasjonale arbeid får 2,7 millionar kroner. Til saman støttar Noreg arbeidet for rettane til seksuelle minoritetar med 11 millionar kroner. Tiltaka rettar seg mot norske og utanlandske organisasjonar som jobbar med menneskerettar i enkeltland og i internasjonale fora.
- Stønaden frå Noreg dei siste fire åra har allereie påverka livet for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i alle verdsdelar. Det er vår plikt og glede å støtte dei, seier Støre.
- Modige stemmer frå mellom anna Nicaragua og Uganda fortel om grove overgrep, forfølging, vald og diskriminering. Det er ein stor personleg risiko å stå fram. Men gjennom sin kamp flyttar dei grenser og sørgjer for at menneskerettane gjeld alle, seier Solheim.
Pressekontakt for Støre: Kommunikasjonsrådgiver Mariam Naqvi,
mobil 980 08 233.
Pressekontakt for Solheim: Kommunikasjonsrådgiver Ragnhild H. Simenstad,
mobil 917 17 459