Historisk arkiv

Solheim besøkjer Sudan etter folkerøystinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er den fyrste norske politikaren som besøkjer Sudan etter den vellykka folkerøystinga om Sør-Sudans framtid i januar i år.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim er den fyrste norske politikaren som besøkjer Sudan etter den vellykka folkerøystinga om Sør-Sudans framtid i januar i år.

Solheim deltek på ein seremoni i Juba der resultata av folkerøystinga blir offentleggjort.  Folkerøystinga er den viktigaste milepælen i den sudanske fredsavtalen frå 2005. Noreg var ein av fødselshjelparane for avtalen, og er framleis ein viktig støttespelar til fredsprosessen. Avtalen kom i stand etter over 20 år med borgarkrig.

Solheim vil òg ha samtaler med dei viktigaste politikarane både i Juba og Khartoum om vegen vidare etter folkerøystinga og Noregs rolle.

Sudan er det landet i Afrika som mottek mest bistand frå Noreg. I 2009 brukte Noreg 578 millionar kroner på bistand til Sudan. 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgivar Trine Jøranli Eskedal, mob: 415 21 639

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal være lett å lese. Solheims rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekster er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i vekeblad. Les meir om kampen for eit enklare språk i staten hos Klarspråk.no