Historisk arkiv

Holmås besøkjer Sør-Afrika, Malawi og Mosambik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Eit viktig tema for reisa er rettferdig fordeling av makt og pengar.

Eit viktig tema for reisa er rettferdig fordeling av makt og pengar.

Utviklingsminister Holmås besøkjer dei tre landa i det sørlege Afrika i tida mandag 26. november til fredag 30. november. Landa har lenge vore viktige i norsk utviklingssamarbeid, noko du kan lese meir om på Norad sine nettsider.

Eit viktig tema for reisa er rettferdig fordeling av makt og pengar. Stor skilnad på fattige og rike er eit hinder for utvikling og kampen mot fattigdom. Ikkje minst i Sør-Afrika har ein sett døme på korleis dette kan skape sosial uro.

Andre viktige tema er likestilling, familieplanlegging og kampen mot hiv/aids. Samarbeid knytta til grøn straum og landbruk som kan stå i mot farlege endringar i klimaet er også ein del av programmet. I alle dei tre landa blir det feltbesøk for å sjå korleis kvardagen til fattige menneske kan bli betre gjennom godt utviklingssamarbeid. Holmås vil også møte representantar for styresmakter, det sivile samfunn og fagrørsla, FN og næringslivet.

I Malawi vil Holmås møte president Joyce Banda, ei av få kvinner som er statsleiarar i Afrika. I Sør-Afrika blir det feltbesøk til gruvedistrikta og Holmås skal delta i ei konferanse skipa til av organisasjonen International Planned Parenthood Federation. I Mosambik skal Holmås mellom anna underteikne ei ny avtale om energisamarbeid.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Bæra, mobil 916 72 042 (med på reisa) eller utviklingsministerens pressevakt, mobil 913 95 000 (ikkje sms)