Solheim ny leiar for utviklingskomiteen i OECD
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Pressemelding | Dato: 02.11.2012
Tidlegare miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vert ny leiar for utviklingskomiteen i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).
Tidlegare miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vert ny leiar for utviklingskomiteen i Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD).
Solheim tek over stillinga etter amerikanaren Brian Atwood, som fråtrer ved årsskiftet.
- Erik Solheim er kunnskapsrik, har brei erfaring og eit omfattande internasjonalt nettverk. Han blir ein framsynt og handlekraftig leiar, seier utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås.
Leiaren for utviklingskomiteen vert valt for eit år av gongen, med ein samla periode på fire år.
- Eg gler meg til å bli talsmann for verdas fattige i internasjonale samanhengar. Eg kjem mellom anna til å legge vekt på samanhengen mellom utvikling og miljø. Eg vil òg jobbe for å mobilisere privat næringsliv, samt rekke ut ei hand til Kina og nye gjevarar, seier Erik Solheim.
Utviklingskomiteen held til i Paris og har 24 land som medlemmar. Den bidreg til bærekraftig utvikling gjennom godt samarbeid om utvikling. Viktige oppgåver er mellom anna overvaking av bistandsoverføring. Komiteen gjennomgår også utviklingspolitikken i medlemslanda, analyserar og formidlar erfaringar.
Meir om utviklingskomiteen på heimesidene i verdsveven.
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker: 913 95 000 (ikkje sms)
(Erik Solheim nouveau président du Comité d’aide au développement de l’OCDE)