Historisk arkiv

Meir til fattige land

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa foreslår å auke satsinga på rein energi, kvinner, likestilling og naudhjelp i fattige land i revidert budsjett for 2012. - Mens resten av Europa kutter i budsjetta kan vi satse. Då er det viktig at vi viser internasjonal solidaritet, seier utviklingsminister Heikki Holmås.

Regjeringa foreslår å auke satsinga på rein energi, kvinner, likestilling og naudhjelp i fattige land i revidert budsjett for 2012. 

- Mens resten av Europa kutter i budsjetta kan vi satse. Då er det viktig at vi viser internasjonal solidaritet, seier utviklingsminister Heikki Holmås. 

Regjeringa foreslår ei auking på fleire områder i bistandsbudsjettet: 

  • 56 millionar kroner meir til naudhjelp, humanitær bistand og menneskerettar. Pengane skal støtte arbeidet for å unngå kriser og naud i område som er spesielt utsette for katastrofar. 
  • 25 millionar kroner meir til FN. Pengane skal gå til FNs kontor for koordinering av bistand (UN DOCO) for å gjere FN betre i stand til å hjelpe dei fattigaste.  
  • 25 millionar kroner meir til rein energi, mellom anna gjennom Verdsbanken. Dette er eit ledd i den internasjonale satsinga på tilgang til energi for alle. Både for å sikre arbeid og for å gjere kvardagen enklare for kvinner som går langt for å hente ved. Mangel på energi er eit av dei største hindra for at tusenårsmåla vert nådd.
  • 19 millionar kroner meir til fagleg hjelp innan energi- og klimasamarbeid, særskild samarbeid med Kina. 
  • Fem millionar kroner meir til kvinner og likestilling. Pengane skal styrke kvinners evne til å fremje sine eigne rettar, både innan familien og i samfunnet elles.  
  • Fem millionar kroner meir til Fredskorpset. Pengane skal gå til eit prosjekt for mødre og born i Malawis hovudstad Lilongwe. Prosjektet spesialutdannar legar og kirurgar som skal sørge for at færre mødre og born døyr under fødsel. 

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Bæra, e-post: svb@mfa.no, mobil 916 72 042.

***

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lette å lese. Utviklingsministerens rådgjevarar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 36. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.

****

Sjå også øvrig stoff om Revidert nasjonalbudsjett: