Historisk arkiv

Ulovleg kapitalflyt ut av Afrika

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Meir enn 50 milliardar dollar forsvinn på ulovleg vis ut av Afrika kvart år. Statssekretær Arvinn Gadgil er med i ei ekspertgruppe som vil demme opp for dette. Gruppa møtes i Tunis neste veke.

Meir enn 50 milliardar dollar forsvinn på ulovleg vis ut av Afrika kvart år. Statssekretær Arvinn Gadgil er med i ei ekspertgruppe som vil demme opp for dette. Gruppa møtes i Tunis neste veke.

Statssekretær Gadgil deltek i møte om ulovleg kapitalflyt frå Afrika  i Tunis 15.-16. oktober. Ekspertgruppa (høgnivåpanelet) leias av tidlegare president i Sør-Afrika, Thabo Mbeki. Dei skal rapportere til FNs økonomiske kommisjon for Afrika (Uneca) og Africa Union Commisson (AUC) neste år. 

Ein reknar med at minst 50 milliardar dollar forsvinn ulovleg frå Afrika kvart år i form av organisert kriminalitet, korrupsjon, og ikkje minst skattejuks. Dette er det dobbelte av samla bistand til kontinentet. 

Gruppa ser klart at Afrika må styrke sine eigne kontrollsystem for å demme opp for dette enorme problemet. Samstundes spelar globalisering og det internasjonale bank- og finanssystemet ei viktig rolle. Tiltak er naudsynt i dei landa der pengane overførast frå, og i dei landa pengane endar opp. Regionale institusjonar som Uneca og AU tar no slike problem på høgste alvor. Ekspertgruppa vil utarbeide analysar og forslag som nok vil skape debatt i mange afrikanske land.


Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Hege T. Magnus, mobil 941 42 792 (med på reisa). 

****

Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Utviklingsministerens rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 32. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.