Førebuing og beredskap reddar liv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 08.06.2012
Utviklingsminister Heikki Holmås og FN sin koordinator for naudhjelp Valerie Amos, innleiar debatt om lokal beredskap og førebuing av naturkatastrofar.
Utviklingsminister Heikki Holmås og FN sin koordinator for naudhjelp Valerie Amos, innleiar debatt om lokal beredskap og førebuing av naturkatastrofar.
Tema for møtet er at førebuing og beredskap reddar liv, lønnar seg og bør forankrast lokalt.
Utviklingsminister Heikki Holmås og FN sin koordinator for naudhjelp og visegeneralsekretær Valerie Amos opnar møtet. Det vert paneldebatt under leiing av tidligare NRK-veteran Bjørn Hansen. Mads Gilbert og Gunhild Hoogensen Gjørv delar òg. Ordførar i Tromsø og rektor ved Universitetet opnar møtet. For meir informasjon sjå her.
Lokal innsats er naudsynt for effektiv førebuing og beredskap av naturkatastrofar. Lokale tiltak er naudsynt for katastrofar som kjem brått på, som jordskjelv eller stormar. Men òg for katastrofar som utviklar seg over tid og som klimaendringar har skylda for. For meir informasjon om Utanriksdepartementet sitt arbeid med humanitært arbeid og naturkatastrofar sjå her.
Tid: Måndag 11. juni kl. 14.00 – 16.00
Stad: Auditorium 3, Teorifagbygget – Hus 6, Universitetet i Tromsø
Rett etter paneldebatten er pressa invitert når Holmås og Amos besøkjer Kongsberg Satellite Services (KSAT), som overvaker klima. Her vil ein sjå korleis overvakinga kan brukast i beredskap og førebuande arbeid.
Tid: Måndag 11. juni kl. 16.15 – 17.00
Stad: Kongsberg Satellite Services, Prestvannveien 38, Tromsø
Pressekontakt: Avdelingsdirektør Odd Magne Ruud, telefon 916 68 088 eller pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje sms).
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Utviklingsministerens rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.