Pressestipend for reise til Afrika
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 13.04.2012 | Sist oppdatert: 17.04.2012
Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med reise til Etiopia, Kenya og Tanzania.
Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med reise til Etiopia, Kenya og Tanzania.
NB! Søknadsfrist tysdag 17. april.
Utviklingsminister Heikki Holmås besøkjer Etiopia, Kenya og Tanzania i mai. For å stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil tre stipend på inntil 25.000 kroner i samband med reisa. Journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa kan søkje. Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sjå retningslinjene Utanriksdepartementet har for pressestipend.
Av omsyn til visum, ber ein presse som vil vere med på heile eller delar av reisa om å ta kontakt seinast tysdag 17. april.
Send kort søknad med bakgrunn om søkjar og planlagde kanalar for publisering elektronisk til media.utvikling@mfa.no. Merk e-posten «Journaliststipend» og stil til:
Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale spørsmål og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo
NB! Søknadsfrist tysdag 17. april.
Pressekontakt:
Pressevakta for utviklingssaker: 913 95 000 (ikkje SMS), e-post: media.utvikling@mfa.no
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Utviklingsministerens rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 37. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.