Holmås til Sør-Sudan på 1-årsdagen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 20.06.2012
Utviklingsminister Heikki Holmås besøkjer Sør-Sudan, eit år etter at landet blei sjølvstendig. Han reiser òg til nabolandet Sudan.
Utviklingsminister Heikki Holmås besøkjer Sør-Sudan, eit år etter at landet blei sjølvstendig. Han reiser òg til nabolandet Sudan.
Den 9. juli 2011 blei Sør-Sudan verdas nyaste land. No reiser Holmås for å markere 1-årsdagen saman med sør-sudanarane. Han besøkjer òg nabolandet Sudan på reisa.
- Sør-Sudan feirar 1-årsdagen i ei utfordrande tid. Det er mange uløyste spørsmål som står att frå fredsforhandlingane. Økonomien i begge landa vert stadig vanskelegare. Det er avgjerande at det internasjonale samfunnet er sterke og samkjørde i bodskapen om at partane må komma fram til politiske løysingar, seier Holmås.
Les også: Veikart for fred mellom Sudan og Sør-Sudan.
Holmås skal ut på feltbesøk både i Sør-Sudan og Sudan. I sør skal han mellom anna sjå på moglegheitene for å byggje ut vasskraft. Han skal ha politiske samtalar i begge landa om olje, den økonomiske og politiske situasjonen og rolla til FN.
– Noreg, Sudan og Sør-Sudan har ei lang historie. Dessutan var vi jo veldig involvert i fredsforhandlingane, og støttar dei politiske og økonomiske forhandlingane som Den afrikanske unionen leiar, seier Holmås.
Presse som ynskjer å delta, bør ta kontakt så raskt som mogleg av omsyn til visum.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad, mobil 917 17 459 (med på reisa). Eventuelt pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje sms).
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Utviklingsministeren sine rådgjeverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 36. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.