Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 9, 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 24.02.2012
Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 9, 2012.
Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort i kalenderen på regjeringa.no.
Utanriksminister Jonas Gahr Støre
Måndag 27. februar
Kl. 11.00: Utanriksminister Støre møter Qatars stats- og utanriksminister Sheikh Hamad Bin Jassem Bin Jabr Al-Thani. Pressemøte kl. 1320. Stad: Parkvegen 45.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Marte Lerberg Kopstad, mobil: 995 22 026.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
Måndag 27. februar
Kl. 09.15: Miljø- og utviklingsministeren skal møte leiinga i Norfund. Tema for møtet er Noregs energi- og klimainitiativ. Stad: Utanriksdepartementet
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje SMS)
Kl. 10.15: Miljø- og utviklingsministeren skal møte Qatars statsminister, Hamad ibn Jaber Al Thani. Stad: Parkveien
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje SMS)
Kl. 11.30: Solheim møter statsminister Abdiweli Mohamed Ali frå Somalia. Det er fyrste gong ein somalisk statsminister besøkjer Noreg. Dei møter pressa saman. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild H. Simenstad (UD), mobil 917 17 459.
Tysdag 28. februar
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim deltek på ein middag gjeve av prinsen av Wales, der temaet mellom anna er bevaring av regnskogen. Stad: London.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Jon Berg, telefon 905 69 495
Onsdag 29. februar
Kl. 14.30: Solheim møter den nye leiaren for Ethiopian Cookstove Program. Stad: Miljøverndepartementet
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje SMS)
Torsdag 1. mars
Kl. 09.00: Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim opnar nordisk arbeidsmøte om grøn økonomi. Stad: Hausmannsgt. 16, Oslo
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Jon Berg, telefon 905 69 495
Fredag 2. mars
Kl. 10.00: Miljø- og utviklingsministeren møter leiaren i Norfund, Kjell Roland, om spørsmål rundt åtgang til å opprette dotterselskap. Stad: Utanriksdepartementet
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje SMS)
Statssekretær Torgeir Larsen
Fredag 2. mars
Kl. 10.00: Statssekretær Larsen møter generalsekretær Tove Wang i Redd Barna. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Gry Larsen
Måndag 27. februar
Kl. 12.30: Statssekretær Larsen deltek i eit lunsjmøte med organisasjonar som arbeider i Somalia. Stad: Hotel Continental.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Tysdag 28. februar – onsdag 29. februar
Statssekretær Larsen deltek på høgnivådelen av Menneskerettsrådet. Stad: Genève.
Pressekontakt: Seniorrådgjevar Trine Heimerback, mobil: 906 12 113.
Fredag 2. mars
Kl. 14.00: Statssekretær Larsen møter EU-ambassadør Janos Herman. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.
Statssekretær Ingrid Fiskaa
Måndag 27. – onsdag 29. februar
Fiskaa deltek på møte i FNs kvinnekommisjon. Stad: New York
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, telefon 913 95 000 (ikkje SMS)