Utdrag frå Utanriksdepartementets program i veke 47, 2012
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 16.11.2012
Her følgjer eit utdrag av programmet for politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 47, 2012.
Det kan komme endringar i programmet. Oppdateringar vert kunngjort på kalendaren på regjeringa.no.
Utanriksminister Espen Barth Eide
Måndag 19. november
Kl. 11.00: Utanriksminister Eide leiar Nasjonalt Europaforum. Sjå eigen priv. til red. Stad: Litteraturhuset.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kjetil Elsebutangen, 990 24 903
Kl. 18.00: Utanriksminister Eide deltek ved utdelinga av Universitetet i Oslo sin menneskerettspris. Stad: Domus Academica, Karl Johans gate 47.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Onsdag 21. november
Kl. 13.00: Utanriksminister Eide held tale i samband med Etterretningstenesta sitt 70-årsjubileum. Sted: Fanehallen, Akershus festning.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Torsdag 22. november
Kl. 10.00: Utanriksminister Eide svarar på interpellasjonar frå stortingsrepresentant Eriksen Søreide om WTO og EØS-avtalen. Stad: Stortinget.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 23. november
Kl. 14.00: Utanriksminister Eide møter Peter Maurer, generalsekretær i International Committee of the Red Cross (ICRC). Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Michelsen, 971 07 379
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås
Måndag 19. november
Kl. 09.00: Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltek på seminar om korleis Noreg bør engasjera seg i Etiopia. Stad: Amalie Skram-salen, Litteraturhuset
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Tysdag 20. november
Kl. 08.30: Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltek på frukostseminar i regi av Leger uten grenser om norsk hiv-politikk. Stad: Hausmannsgate 6, 0186 Oslo
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Kl. 12.00: Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltek i debatt om utdanning i regi av Redd Barna saman med professor Kenneth King. Stad: Litteraturhuset
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Onsdag 21. november
Kl. 14.30: Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås møter styreleiar i Statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland (Norfund). Stad: Utanriksdepartementet, 7. juniplassen 1, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Torsdag 22. november
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås møter Kaj-Martin Georgsen, næringspolitisk direktør i DNB, for å diskutere fornybar energi og DNBs satsing innan dette feltet. Stad: Utanriksdepartementet, 7. juniplassen 1, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Fredag 23.-laurdag 24. november
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltek på SV sitt landsstyremøte.
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Unni Berge, mobil 944 88 543
Statssekretær Torgeir Larsen
Tysdag 20. november
Kl. 09.00: Statssekretær Torgeir Larsen møter Toby Lanzer, nestleiar i UNmiss i Sør-Sudan. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Kjetil Elsebutangen, 990 24 903
Kl. 10.00: Statssekretær Torgeir Larsen deltek på lanseringa av ein strategi for norsk sivil innsats i internasjonal kriseførebyggjing. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 13.30: Statssekretær Torgeir Larsen deltek i ein debatt om humaniora si framtid i regi av Universitetet i Oslo. Stad: P.A. Munchs hus, Blindern.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Kl. 15.00: Statssekretær Torgeir Larsen møter energiminister Sherali Gul frå Tadsjikistan. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 23. november
Kl. 10.00: Statssekretær Torgeir Larsen møter Johan Nic Vold, leiar av faggruppa for skipsfart i Polhavet. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Gry Larsen
Måndag 19. november
Kl. 11.00: Statssekretær Gry Larsen presenterer stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell i 2011. Sjå eigen priv. til red. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Underdirektør Frode Overland Andersen, 917 22 022
Kl. 13.30: Statssekretær Gry Larsen møter Lois Quam, leiar for Global Health Initiative i det amerikanske utanriksdepartementet. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Veslemøy Salvesen, 995 68 584
Kl. 14.30: Statssekretær Gry Larsen møter FN sin spesialrapportør for ytringsfridom, Frank La Rue. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Veslemøy Salvesen, 995 68 584
Onsdag 21. november
Kl. 10.00: Statssekretær Gry Larsen møter FN sin spesialrapportør for menneskerettar i Iran, Ahmed Shaheed. Stad: Utanriksdepartementet.
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Fredag 23. november
Kl. 12.00: Statssekretær Gry Larsen er vert for ein arbeidslunsj med generalsekretær Peter Maurer frå International Committee of the Red Cross (ICRC).
Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02
Statssekretær Arvinn Gadgil
Måndag 19. november
Statssekretær Arvinn Gadgil er i Tromsø for å ha møte med Kongsberg Satellite Services, Senter for biosikkerhet (GenØk) og fiskerihøgskolen.
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Tysdag 20. november
Statssekretær Arvinn Gadgil deltek på representantskapsmøte i Telemark SV. Stad: Bø Hotell
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Unni Berge, mobil 944 88 543
Torsdag 22. november
Kl. 09.00: Statssekretær Arvinn Gadgil held opningsinnleiing på det årlege representantskapsmøtet hos Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål (Fokus). Stad: Felix møtesenter, Aker Brygge
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Kl. 13.00: Statssekretær Arvinn Gadgil møter Arve Danielsen og Kjell Ingolf Ropstad (Aust-Agder KrF) for å diskutere næringslivets samfunnsansvar. Stad: Utanriksdepartementet, 7. juniplassen 1, Oslo
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, mobil 913 95 000 (ikkje sms)
Fredag 23. - laurdag 24. november
Statssekretær Arvinn Gadgil deltek på SV sitt landsstyremøte.
Pressekontakt: Politisk rådgjevar Unni Berge, mobil 944 88 543