Pressestipend for reise til Rio+20
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 19.04.2012
Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med reise til Brasil og FN sitt toppmøte om bærekraftig utvikling i Rio de Janeiro 20.-22. juni 2012.
Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med reise til Brasil og FN sitt toppmøte om bærekraftig utvikling i Rio de Janeiro 20.-22. juni 2012.
NB! Søknadsfrist for stipendet er tysdag 1. mai.
Søknadsfrist for registrering/akkreditering til konferansen er 14. mai. Følg vegvisar på konferansen si registreringsside.
Utviklingsminister Heikki Holmås deltek under heile konferansen i Rio og ein planlegg også besøk i felten rett før konferansen startar. For å stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil fire stipend på inntil 28.000 kroner i samband med reisa. Journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa kan søkje. Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sjå retningslinjene Utanriksdepartementet har for pressestipend.
Meir informasjon om konferansen finn du her.
Send kort søknad med bakgrunn om søkjar og planlagde kanalar for publisering elektronisk til media.utvikling@mfa.no. Merk e-posten «Journaliststipend» og stil til:
Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale spørsmål og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo
NB! Søknadsfrist tysdag 1. mai.
Pressekontakt:
Kommunikasjonsrådgjevar Svein Bæra, mobil 916 72 042, e-post svb@mfa.no eller
pressevakta for utviklingssaker: 913 95 000 (ikkje sms), e-post: media.utvikling@mfa.no.
****
Pressemeldingar og nyhende om bistand og utvikling skal vere lett å lese. Utviklingsministerens rådgiverar bruker Liks til å teste kor enkle tekstar er å lese. Denne pressemeldinga har ein verdi på 36. Det er det same som i skjønnlitteratur og vekeblad. Les meir om kampen for eit betre og klarare språk i staten hos Klarspråk.no.