Holmås til Wien på ministermøte om energi
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 27.05.2013
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltar 28. mai på møte i Vienna Energy Forum (VEF).
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltar i morgon på møte i Vienna Energy Forum (VEF).
Møtet i Wien er årlig, og samlar politiske leiarar, beslutningstakarar og andre aktørar for å diskutere oppfølginga etter Rio+20, FNs store konferanse om bærekraftig utvikling.
Eitt av tema i år er kva plass energi skal ha i utviklingsmåla etter 2015. Noreg var i vinter vertskap for eit internasjonalt toppmøte om dei nye energimåla, og oppfølginga etter møtet i Oslo blir ein viktig del av diskusjonen i Wien. Det er Noreg saman med Tanzania og Mexico, som leiar diskusjonen om dei framtidige energimåla i verda.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Astrid Versto, mobil 901 92 920 (med på reisa).