Historisk arkiv

Holmås besøkjer Latin-Amerika

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøkjer Brasil, Chile, Guatemala, El Salvador og Mexico, onsdag 23. til torsdag 31. januar.

Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøkjer Brasil, Chile, Guatemala, El Salvador og Mexico, onsdag 23. til torsdag 31. januar.

Latin-Amerika har lenge vore viktig i norsk utviklingssamarbeid. Du kan lese meir om dei ulike landa på Norad sine nettsider.
 
Eit viktig tema for reisa er rettferdig fordeling av makt og pengar. Det er stor skilnad på fattige og rike, og det hindrar utvikling og kampen mot fattigdom.

I Brasil skal Holmås lære meir om den vellukka kampen mot fattigdom og sosial skilnad i landet.

I Chile blir det møte om rettferdig fordeling i Latin-Amerika. Holmås møter mellom anna FNs økonomiske kommisjon for Latin-Amerika og Karibia, og dei regionale styresmaktene i samband med toppmøte i hovudstaden Santiago (Comunidad de Estados Latinoamericanos y Caribeños, Celac).

I Guatemala står bidraget frå Noreg til rettferdig fordeling på programmet. Det gjeld spesielt den norske støtta for å hjelpe den fattige majoriteten av urfolk.

I El Salvador skal han diskutere eit samarbeid med styresmaktene om rettferdig fordeling.

I Mexico skal Holmås følgje opp samarbeidet om utvikling og energi i fattige land.

Pressekontakt: Kommunikasjonsrådgjevar Svein Bæra, mobil 916 72 042 (med på reisa). Evt. pressevakta for utviklingssaker, 913 95 000 (ikkje sms).