Holmås til Bangladesh – utlysing av pressestipend
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 03.05.2013
Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med at utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøker Bangladesh 2. – 5. juni 2013.
Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med at utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøker Bangladesh 2. – 5. juni 2013.
NB! Søknadsfrist fredag 10. mai 2013.
Rettar og vilkår for arbeiderar, og klima er dei viktigaste sakene for utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås når han gjestar Bangladesh.
Høva i tekstilindustrien i Bangladesh har fått mykje omtale dei siste vekene etter kollapsen ved ein tekstilfabrikk. Utviklingsministeren besøker Bangladesh 2.-5. juni 2013. Der vil han mellom anna gjera seg nærmare kjent med tekstilindustrien, besøke ein tekstilfabrikk og ta opp rettar og arbeidsvilkår i tekstilindustrien med styremaktene.
Bangladesh har langt på veg lukkast med å nå tusenårsmåla. Middelklassa veks og åtte av ti som arbeider i tekstilindustrien er kvinner. Men framleis er det stor skilnad på fattig og rik. Fire av ti må klare seg på sju-åtte kroner om dagen. Noreg importerer varer frå Bangladesh for om lag ein milliard kroner i året. Mykje av dette er tekstiler.
Bangladesh er verdas sjuande folkerikaste land, med over 160 millionar innbyggarar. Landet ligg strategisk mellom India og Kina og er brubyggjar i internasjonale forhandlingar. Bangladesh er blant verdas mest sårbare land for klimaendringar og havnivåstigning. Landet opplever ofte kraftige naturkatastrofar. 60 prosent av alle dødsfall frå syklonar mellom 1990 og 2010 skjedde i Bangladesh. Regjeringa har satt klimaproblematikk høgt på dagsorden, og landet er eit føregangsland i førebygging av katastrofar og klimatilpassing. Klima står derfor også sentralt på dagsorden under besøket i Bangladesh. Les meir om utviklingssamarbeidet mellom Bangladesh og Noreg her.
For å stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil tre stipend på inntil 20.000 kroner i samband med reisene. Journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa kan søkje. Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sjå retningslinene Utanriksdepartementet har for pressestipend.
Send kort søknad elektronisk til media.utvikling@mfa.no. Søknaden skal innehalde bakgrunn om søkjar og planlagde kanalar for publisering. Du treng ikkje skrive kva slags saker du planlegg å lage. Merk e-posten «Journaliststipend» og stil han til:
Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale spørsmål og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo.
Pressekontaktar:
Kommunikasjonsrådgjevar Trond Glomnes Rudi, mobil 917 20 614
Utviklingsministerens pressevakt, mobil 913 95 000 (ikkje sms).