Holmås tar utviklingspolitikken heim til Sørlandet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 05.03.2013
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltar onsdag i to opne debattar i Kristiansand. Ein om verdiar og vegval i utviklingspolitikken og ein om situasjonen i Somalia.
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås deltar onsdag i to opne debattar i Kristiansand. Ein om verdiar og vegval i utviklingspolitikken og ein om situasjonen i Somalia.
Under tittelen «Mat eller menneskerettigheter?» inviterer Utanriksdepartementet til debatt om verdiar og vegval i norsk utviklingspolitikk. Kva er dei viktigaste prioriteringane i norsk utviklingspolitikk? Er det viktigare å sikre menneskerettane enn å stanse svolt? Er det greitt å støtte autoritære regime i fattige land dersom det fører til at fattigdomen blir fjerna? Kven er det eigentleg som tener på norsk utviklingspolitikk?
Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås innleier, etterfylgt av debatt med Peter S. Gitmark (Høgre), Anne-Marie Helland (Kirkens Nødhjelp) og Arne Olav Øyhus (Universitetet i Agder). Ordstyrar er Vidar Udjus (Fædrelandsvennen).
Sted: Kick Café, Dronningsens gate 8, Kristiansand
Tid: Onsdag 6. mars, kl. 18.30 – 20.30
Møtet er opent for alle. Ingen påmelding nødvendig. Les meir om arrangementet her.
Pressekontakt: Pressevakta for utviklingssaker, 913 95 000 (ikkje sms).