Historisk arkiv

Pressestipend for reise til Latin-Amerika

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Priv. til red.

Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med at utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøkjer Brasil, Chile, Guatemala, El Salvador og Mexico i slutten av januar.

Utanriksdepartementet lyser ut pressestipend i samband med at utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøkjer Brasil, Chile, Guatemala, El Salvador og Mexico i slutten av januar. 

NB! Søknadsfrist torsdag 10. januar 2013. 

Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøkjer Latin-Amerika frå onsdag 23. til torsdag 31. januar. Regionen har lenge vore viktig i norsk utviklingssamarbeid. Du kan lese meir om dei ulike landa på Norad sine nettsider

Eit viktig tema for reisa er rettferdig fordeling av makt og pengar. Det er stor skilnad på fattige og rike, og det hindrar utvikling og kampen mot fattigdom. I Brasil skal Holmås lære meir om den vellukka kampen mot fattigdom og sosial skilnad i landet. I Chile vert det møter møter om rettferdig fordeling i Latin-Amerika.

Holmås møter mellom anna FNs økonomiske kommisjon for Latin-Amerika og Karibia og dei regionale styresmaktene i samband med toppmøter i hovudstaden Santiago (Comunidad de Estados Latinoamericanos y Caribeños, Celac). I Guatemala står bidraget frå Noreg til rettferdig fordeling på programmet. Det gjeld særskilt den norske støtta for å hjelpe den fattige majoriteten av urfolk. I El Salvador skal han diskutere eit samarbeid med styresmaktene om rettferdig fordeling. I Mexico skal Holmås følgje opp samarbeidet om utvikling og energi i fattige land. 

For å stimulere til kunnskap og debatt om norsk utviklingssamarbeid lyser Utanriksdepartementet ut inntil tre stipend på inntil 20.000 kroner i samband med reisene. Journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa kan søkje. Opplys i søknaden kva for land du planlegger å vere med til (eller om du planlegg å vere med til alle). 

Det vil verte krav om rekneskapsoversikt, samt kopi/lenkjer til publisert materiale. Sjå retningslinjene Utanriksdepartementet har for pressestipend. 

Av omsyn til praktiske opplysningar ber ein presse som vil vere med på heile eller delar av reisa om å ta kontakt seinast onsdag 9. januar 2013. 

Send kort søknad elektronisk til media.utvikling@mfa.no. Søknaden skal innehalde bakgrunn om søkjar og planlagde kanalar for publisering. Du treng ikkje skrive kva slags saker du planlegg å lage. Merk e-posten «Journaliststipend» og stil han til: 

Utanriksdepartementet
Avdeling for regionale spørsmål og utvikling
Seksjon for etatsstyring, budsjett og forvaltning
PB 8114 Dep.
0032 Oslo.

NB! Søknadsfrist torsdag 10. januar 2013.

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Astrid Versto, mobil +47 901 92 920 eller utviklingsministerens pressevakt, mobil 913 95 000 (ikkje sms).