Utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås besøker Haukeland Universitetssjukehus fredag 22. februar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Utenriksdepartementet
Priv. til red.
Pressemelding | Dato: 21.02.2013
Fredskorpset og Haukeland universitetssjukehus samarbeider om å utveksle helsepersonell mellom Noreg og sjukehus i Tanzania, Malawi og Etiopia. Fredag besøker utviklingsminister Heikki Holmås fem ulike Fredskorpsprosjekt ved sjukehuset i Bergen.

Fredskorpsets har i snart ti år samarbeidd med Haukeland Universitetssjukehus. Sjukehuset er ein av Fredskorpsets største partnarar innan helse.
– Fredskorpset brukar folkeleg engasjement til å skape ei betre verd. På Haukeland ser vi at helsearbeidarar frå ulike land kjem saman for å lære, dele og forstå, seier utviklingsminister Heikki Eidsvoll Holmås.
Samarbeidet foregår innan mødrehelse, barnesjukdomar, indremedisin, hjernekirurgi, kreftbehandling, brotskadebehandling og blodbank.
Utviklingsminister Heikki Holmås skal møte 14 fredskorpsarar frå Tanzania, Malawi og Etiopia, som jobbar ved ulike klinikkar ved Haukeland Universitetssykehus.
Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Astrid Versto, asve@mfa.no, mobil: 901 92 920