Historisk arkiv

Norsk bistand til Tanzania

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Oppdatert november 2006

Norsk bistand til Tanzania

Tanzania er det landet som gjennom åra har fått mest bilateral bistand frå Noreg. Landet vart prioritert samarbeidspartnar for norsk bistand allereie i 1966. Tanzania har kome langt i arbeidet med å styrke nasjonalt eigarskap og styring av utviklingssamarbeidet.

Under tidlegare president Mkapa (1995-2005) har landet vist stor vilje m.a. til reformer i den offentleg forvaltninga og til å utvikle planar mot korrupsjon. Nåverande President Kikwete har forplikta seg til å følje opp denne omfattande reformagendaen. Landet har og satt i gang arbeidet med å gjennomføre sin andre fattigdomsstrategi (National Strategy for Growth and Reduction of Poverty), vanlegvis referert til som MKUKUTA. Fattigdomsstrategien er utvikla i nær konsultasjon med det sivile samfunnet og privat sektor, og set fokus på økonomisk vekst som grunnlag for fattigdomsreduksjon. Fattigdomsstrategien svarar og på utfordringar knytt til dei internasjonale milleniumsmåla til FN.

Samarbeidsavtalen (MoU) mellom norske og tanzanianske styresmakter er i frå 2002. Avtalen slår fast at utviklingssamarbeidet skal ta utgangspunkt i landet sin fattigdomsstrategi, og at bistandsmidlar i aukande grad bør kanaliserast gjennom generell budsjettstønad og sektorprogram. Styresmaktene presenterte i midten av 2005 eit utkast til ein felles landstrategi (Joint Assistance Strategy - JAS) som definerer eit nytt rammeverk for all internasjonal bistand innanfor rammene av den nasjonale fattigdomsstrategien. Noreg har valt å utsetje ein ny samarbeidsavtale med Tanzania inntil JAS føreligg som i sterkare grad definerer kva rolle Noreg skal ha i framtida. Den nye samarbeidsavtalen skal forhandlas frem i byrjinga av 2007.

Den gjeldande samarbeidsavtale mellom Tanzania og Noreg prioriterer tre hovudområde for norsk bistand:

  • Godt styresett, demokrati og menneskerettar, inkludert støtte til reformer på lokalt forvaltingsnivå og igangsetting av den nasjonale anti-korrupsjonsplanen.
  • Sosial utvikling med vekt på utdanning og støtte til kampen mot hiv/aids.
  • Reduksjon av inntektsfattigdom gjennom støtte til landsbygdutvikling, inkludert støtte til vegsektoren og naturressursforvalting.

Omsynet til kvinner og likestilling og miljø skal gis prioritet i alle samarbeidsområde. Andre tverrgåande tema som Hiv/aids, styresett, menneskerettar, styrking av det sivile samfunn og samarbeidet mellom det offentlege og det sivile samfunnet.

Sosial utvikling Tanzania er prega av vanskelege levekår for store delar av befolkninga. Eit sentralt system for fattigdomsovervakning syner ei svak betring når det gjeld kor stor del av befolkninga som lever under fattigdomsgrensa. Venta levealder er under 50 år og tala på barn under fem år som døyr aukar. Hovudårsaka til dette er sjukdom, spesielt malaria, tuberkulose og hiv/aids. Talet på mødre som døyr i tilknyting til fødslar i Tanzania er høgare enn i land det er naturleg å samanlikne med.

Sosiale sektorar som utdanning, helse, vatn og sanitære tilhøve samt hiv/aids er under omfattande reformering. Noreg har saman med andre givarar vært med på ei samfinansiering av sektorprogram for grunnutdanning (PEDP) Talet på barn som har fått tilgang på grunnleggjande utdanning har på få år auka vesentleg, og Tanzania vil høgst sannsynleg oppfylle FNs tusenårsmål på dette området. Ei utfording er her både kvalitet på utdanning og tilstrekkeleg med kvalifiserte lærarar. Frå 2006, etter at PEDP vart avslutta, er utdanningsstøtta lagt inn i den generelle budsjettstøtta (GBS), og beløpet er auka med 20 mill kr. Dette vil opne for større valfridom for styresmaktene, inkludert større investeringar i den vidaregåande skulen, som er svært underutvikla i Tanzania , og som i dag sett store begrensningar når det gjeld rekrutteringa til universiteta. Partnarane med støtte til utdanning har starta ein dialog med styresmaktene om oppfølging av utdanning under eit GBS regime.

Innan høgare utdanning vil støtta til Mzumbe University, University of Dar es Salaam (UDSM) og Sokoine (SUA) føras vidare. Talet på studentar har auka med over 60% sidan 1995. Dette gjeld også talet på kvinnelige studentar. UDSM blir støtta i arbeidet med å effektivisere universitetet for å auke talet på studentar.

Forskingsprogrammet på SUA har fokus på anvendt forsking, og er eit samarbeid med Ministry of Agriculture & Cooperatives, med Noregs landbrukshøgskole som støttespelar.

Hiv/aids hindrar utvikling Hiv/aids-epidemien spreier seg med stor fart i Tanzania, og ein reknar med ein ny person vert smitta kvart femte minutt. Den eksplosive spreiinga av hiv/aids er eit av dei mest alvorlege problema for utviklinga i Tanzania, mellom anna ved å senke produktiviteten i landet, fleire lærarar i skulen fell frå og det er store utfordringar knytt til manglande kapasitet innan det offentlege helsetilbod. I kampen mot hiv/aids, støttar Noreg mellom anna National Aids Control Programme (NACP) og eit Global Fund for AIDS, Tuberculoses and Malaria . I tillegg har Noreg ein avtale med Haydom Hospital for å styrke det arbeidet sjukehuset gjer mot epidemien.

Økonomisk utvikling Stram finanspolitikk, redusert inflasjon og ein omfattande deregulering og liberaliseringspolitikk har gitt ein auke i den økonomiske veksten som no er på over 6 prosent årleg. Stadig effektivisering av offentleg sektor og tiltak for å betre rammevilkåra for privat sektor utvikling er naudsynt for å auke veksten tilstrekkeleg for å lyfte befolkninga ut av fattigdommen.

For å styrke Tanzania sitt arbeid med å setje den nasjonale fattigdomsstrategien ut i livet gjev Noreg, i samarbeid med 13 andre givarar, generell budsjettstønad. I denne samanhangen vert det også gitt støtte til å betre landet finansforvaltninga i landet og til å følgje opp og måle framgangen i gjennomføringa av fattigdomsstrategien. Eit samarbeid mellom det norske finansdepartementet og det tanzanianske viser god utvikling innafor til skattepolitikk og skattelovgjevning.

For å redusere inntektsfattigdom legg Noreg i samarbeidet med Tanzania vekt på bygdeutvikling, mellom anna gjennom støtte til naturressursforvaltningsprogrammet. Programmet inneheld komponentar innan lokalforvaltning og auke av inntekter frå bærekraftig forvaltning av naturressursane. Det blir og tatt omsyn til hiv/aids-epidemien og kvinneleg deltaking.

Vegsektoren har i ei årrekkje vore eit viktig område for utviklingssamarbeidet i produktiv sektor. Auka satsing på bygdevegar skal gje lokale produsentar auka tilgang til marknader.

Med etableringa av eit fond øyremerkja vedlikehald av vegar, og grunnlegging av TANROADS som blir ein frittståande institusjon for vegforvalting, er det lagt eit godt grunnlag for å betra forvalting og vedlikehald av vegar i åra som kjem. Vegdirektoratet i Noreg og Ministry of Works (MOW) er sentrale partar i ein ny avtale for forvalting og vedlikehald av vegnettet. Avtala legg bl.a. vekt på å styrkje institusjonssamarbeidet. I planlegginga av vidare innsats legg avtala vekt på landsbyvegar og den lokale forvaltinga av vegane.

Gjennom støtte til Fomraliseringsprogrammet, MKURABITA; ynskjer Noreg å bidra til å redusere den uformelle sektoren i Tanzania. Programmet går ut på å registrere forretningsdrift og eigedom, og på den måten leggje til rette for bl.a. økonomisk vekst i den formelle økonomien. Dette vil på sikt bidra til auka nasjonale inntekter gjennom ein breiare base for skatteinnkreving, noko som vil påverke positivt Tanzania sitt statsbudsjett.

Godt styresett og demokratiutvikling Tanzania er i gang med fleire store om omfattande reformer i offentlig forvaltning. Manglande kapasitet og kompetanse gjer at reformene dreg ut i tid. Ein av dei viktigaste reformprosessane er knytt til Local Government Reform. Denne reforma inneberer at makt og ressursar skal overføres frå sentrale styringsmakter til lokale. Reformprogrammet skal bidra til å auke demokratisk styring på lokalplan , effektivisering av forvaltninga og betre tilbod av tenester innan helse, utdanning, vei, vann og jordbruksutvekling. Noreg bidrar til at det settes meir fokus på kvinner og likestilling i reforma. Noreg, saman med andre givarar og Tanzania bidrar til ein felles kurvfinansiering av reforma.

Noreg deltek i kampen mot korrupsjon gjennom å støtte Tanzanias arbeid med den nasjonale anti-korrupsjonsstrategien. Anti-korrupsjonsstrategien innehelder anti-korruosjonsplaner frå alle departement og kommunar i Tanzania.

Noreg støttar vidare den såkalla Muafaka-avtalen på Zanzibar som kom i gang etter ein periode med politisk uro. Føremålet med avtala var på nytt å gjeninnføre ro og stabilitet på øya gjennom å etablere demokratiske strukturar. Mange givarar har gått saman om å støtte prosessen. I kjølvatnet av presidentvalet på Zanzibar i oktober 2005 ser ein og behovet for å vidareføre denne innsatsen.

Kultur Etableringa av Tanzania Culture Trust Fund (Mfuko wa Utamaduni Tanzania) har gitt nytt håp for kunstnarar og kulturarbeidarar i heile landet. Mfuko wa Utamaduni Tanzania arbeider med alt frå utøvande kunst via kulturminne til film og multimedia. Fondet tek imot støtte frå ulike givarar, blant anna Noreg. Målet med fondet er å styrkje kultursektoren, med spesiell fokus på å hjelpe fram nye talent. Mfuko støttar ikkje berre konkrete kulturtiltak, men arrangerar også leiing- og regnskapskurs for å fremje større profesjonalitet blant kunstnarar og kulturarbeidarar.

Lenker:

(Oppdatert november 2006)