Historisk arkiv

Støre helste opninga av European Youth Parliament

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Jonas Gahr Støre helste via video til European Youth Parliament sin nordområdekonferanse i Tromsø, som går sin gang trass vulkantrøbbel.

  • Sjå videoen nederst i artikkelen.

På førehand hadde arrangørane lova dei 230 delegatane ei oppleving dei seint ville gløyme. Det vart det, om enn ikkje heilt som planlagt. Med nordområda som tema skulle den 63. internasjonale sesjonen av European Youth Parliament (EYP) samle ungdomar frå 30 land i Tromsø – den nordlegaste EYP-sesjonen nokon sinne.

Atlanterhavsbading på Hamn i Senja (Foto: European Youth Parliament)Ved å setje deltakarane i det som for dei fleste var ein ekstrem geografisk kontekst ville ein få i gang ein debatt rundt klimaendringar og kva rolle nordområda og Arktis har for resten av Europa og verda. Så small Eyafjállajökull på Island, og konferansen sin tittel ”High North – High Temperature” fekk ein ny smak av lava og oske. Men det skulle meir til enn eit vulkanutbrot for å stoppe ungdomane.

Oppunder 100 deltakarar frå 20 land greidde å kome seg til Tromsø, og nokre trossa fleire barrierar enn andre: Den polske delegaten Filip Jaskólski kom til Tromsø etter 36 timar på ferje, tog og buss. For deltakarane frå land som Georgia, Spania og Kypros vart det eit eksotisk møte med nordnorsk vår i lett snødrev.

Etter dagar med kansellerte fly og amputerte komitémøte, vart plenumssesjonen offisielt opna 22. april med seremoni i Tromsø rådhus. Med ei videooverført helsing ynskte utanriksminister Jonas Gahr Støre deltakarane lykke til med plenumssesjonen, og understreka kor viktig det er at framtidas leiarar engasjerer seg i utviklinga i nordområda.

I løpet av opphaldet debatterer delegatane tema som biologisk mangfold i havet, Arktisk Råd, klimaforhandlingane etter København og nye alternativ til fossilt brensel. Dei har hatt besøk av ekspertar frå mellom anna Eksportutvalget for fisk, Barlindhaug Consult og Universitetet i Tromsø. Etter planen held sesjonen fram til søndag 25. april – så framt ikkje delegatane blir sitjande askefaste i Tromsø.

European Youth Parliament er ein frivillig organisasjon oppretta i 1988. Målsettinga er å drive demokratiopplæring, diskutere kva Europa er og bør vere, og å gje skuleelevar ei annleis utfordring. Det blir arrangert tre internasjonale sesjonar kvart år. Totalt deltek rundt 20.000 på EYP-arrangement i løpet av eit år.

Arrangementet i Tromsø er støtta av Utanriksdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Troms fylkeskommune, Tromsø kommune, Fritt Ord, Europakommisjonen og Europarådet.