1250 prosjekt til 1,2 milliardar euro
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Europaportalen
Nyhet | Dato: 12.05.2009 | Sist oppdatert: 28.06.2012
<p>1250 prosjekt, program og fond med ein samla verdi på meir enn 1,2 milliardar euro vil no nyte godt av støtte frå EØS-midlane. Miljøvernprosjekt og tiltak for å bevare vår felles europeiske kulturarv er dei største mottakargruppene. Alle midlane blei fordelt innan fristen 30. april 2009, noko som betyr at i alt 1250 prosjekt frå 15 land i Sentral- og Sør-Europa har blitt godkjent.</p>
Miljø på topp
Miljøvern er ein sentral verdi for EØS-midlane, og omlag ein fjerdedel av midlane har blitt tildelt tiltak for å verne miljøet og fremje ei berekraftig utvikling. Meir enn 300 miljøprosjekt mottek støtte, med auka energieffektivitet og reduserte CO2-utslepp som viktige bestanddelar. Vern av vår felles europeiske kulturarv er eit anna prioritert fokusområde. Meir enn 200 slike prosjekt har blitt godkjent, med det formål å sikre renovering av historiske monument, kunstverk og dokument, og gjere desse tilgjengelege for framtidige generasjonar.
Island, Liechtenstein og Noreg har også gjort styrking av det sivile samfunn til ein del av grunnmuren for EØS-midlane. Over 1000 prosjekt drive av frivillege organisasjonar (NGO-ar) er no i implementering, med støtte frå 19 NGO-fond etablert i 12 mottakarland. Tiltak for å styrke demokrati og menneskerettar, motarbeide diskriminering, og fremje sosial integrering er kjerneområde for støtta frå desse fonda. Det største NGO-fondet tilknytta midlane har blitt etablert i Polen, der sårt tiltrengt støtte blir gjort tilgjengeleg for den frivillege sektoren i landet. Sommaren 2008 blei to tilsvarande fond etter lang ventetid også etablert i Bulgaria og Romania. Fonda støttar frivillege organisasjonar som fungerer som vaktbikkjer og bidragsytarar til offentleg politikk og samfunnsdebatt.
Ei rekke land har også valt å rette betydelege delar av støtta til arbeidet for å sikre eit effektiv vern av Schengen-området sine yttergrenser. Prosjekt knytta til grensetryggleik, politisamarbeid og eit betra rettssystem er viktig i denne prioritetssektoren, og støtta til Schengen-prosjekt legg også til rette for samarbeid mellom norsk politi og nasjonale politistyresmakter i mottakarlanda.
500 millionar euro til Polen
Polen er den klart største mottakaren av støtte frå EØS-midlane. Meir enn 400 polske prosjekt vil motta meir enn ein halv milliard euro i støtte ved utgangen av tildelingsperioden. Polen har valt å leie store delar av støtta til miljøprosjekt, mellom anna til tiltak for å energieffektivisere offentlege bygg.
Med meir enn 100 millionar euro i mottatte midlar er Tsjekkia også ein stor mottakarstat. Landet har ein rik og variert kulturarv, og har valt å bruke mykje av støtta til å bevare og restaurere historiske bygg og monument. Kulturarv er eit høgt prioritert område også i Slovenia, der eitt av prosjekta siktar mot å gjenreise og skape nytt liv i gamle bysentrum i fem byar. I nabolanda Ungarn og Slovakia er fleire prosjekt sett i gang for å skape auka samarbeid på tvers av grenser i regionen. I dei baltiske landa har tiltak for å betre tenestetilbodet i helsesektoren vore prioritert, og ei rekke prosjekt har som mål å skape betre forhold ved institusjonar for barn.
I Hellas, Portugal og Spania har ein særleg fokusert på å forebygge og kjempe mot skogbrannar, og fleire prosjekt har som formål å gjere store landområde meir brannsikre. Skogvern er også prioritert i Malta, der EØS-midlane bidrar til eit skogplantingsprosjekt i ein av naturparkane på øya. Eir særmerkt prosjekt er også i gang på Kypros, der eit utdanningssenter blir etablert i FN si buffersone i hovudstaden Nicosia, for på den måten å utvikle tettare band over grensene på den delte øya.
Les meir om EØS-midlane her.
Artikkelen er skrive av Harald Eikenæs Vengen, Maria Thorsnes og Sigve Soldal Bjorstad i FMO (sekretariatet for EØS-midlane, Financial Mechanism Office).