Meir likeverdig konkurranse mellom norske og utanlandske lastebilar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Europaportalen
Nyhet | Dato: 24.03.2011 | Sist oppdatert: 28.06.2012
- Eg ønskjer betre kontroll med innanlands godstransport med lastebilar som høyrer heime i andre EØS-land. I dag har transportørar frå andre EØS-land høve til å driva mellombels innanlands transport, med tre turar i løpet av sju dagar, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.
- For å kunna kontrollera denne regelen meir effektivt blir det no sendt på høyring eit framlegg til endring i forskrift om internasjonal transport. Endringa vil føra til at den utanlandske transportøren skal leggja fram dokumentasjon for både last inn til Noreg og dei innanlandske transportoppdraga.
- Kravet om slik dokumentasjon er alt innført i EU-landa. Forskriftsendringa vil difor leggja til rette for at kontrollen med utanlandske transportørar ikkje skal vera dårlegare i Noreg enn i EU. For den norske transportnæringa vil forskriftsendringa vera med på å fjerna moglege negative verknader som følgje av ulik kontrollpraksis, seier samferdselsministeren.
Les hele pressemeldingen fra Samferdselsdepartementet her.