Historisk arkiv

Svar på spørsmål om handsaming av religiøse minoritetar i Tyrkia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Skriftleg spørsmål nr. 1100 (2006-2007)

Frå representanten Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til utanriksministeren:
På kva måte har Utanriksdepartementet teke opp handsaminga av religiøse minoritetar i Tyrkia med styresmaktene i landet, og korleis vil ein i tida frametter arbeida for å påtala og forbetra situasjonen i landet på dette viktige menneskerettsområdet?

Utanriksministeren sitt svar:
Brot på grunnleggjande menneskerettar i Tyrkia gjev grunn til uro og blir følgt nøye frå regjeringa si side. Eg deler representanten Sørfonn si uro over avgrensingane i religions- og trusfridomen for religiøse minoritetar i landet.

Ein viktig grunn til at Regjeringa har stilt seg positiv til at Tyrkia forhandlar med EU med sikte på medlemskap, er at EU stiller krav om ei betring når det gjeld menneskerettane. Endringar i grunnlova og betre vern for mellom anna religionsfridomen, ytringsfridomen og minoritetar er krav Noreg har slutta seg til.

Regjeringa gjev økonomisk støtte til det arbeidet norske, tyrkiske og internasjonale organisasjonar gjer for menneskerettane i Tyrkia, med særleg vekt på arbeidet mot tortur og rehabiliteringa av torturoffer.

Ambassaden vår i Ankara følgjer nøye med på utviklinga når det gjeld alle menneskerettar – inklusive dei religiøse. Ambassaden samarbeider med andre ambassadar frå land som står oss nær, og med kontoret til EU-kommisjonen, og gjer sitt til at desse spørsmåla stadig blir tekne opp med tyrkiske styresmakter også av andre land.

Regjeringa følgjer òg diskusjonane om Tyrkia i Europarådet. Tyrkia tek aktivt del i samarbeidet i Europarådet, og det er tydeleg at landet legg vekt på å følgje opp den plikta det har til å etterleve Den europeiske menneskerettskonvensjonen. Denne konvensjonen vernar om religiøse minoritetar òg.

Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg får inn mange klagesaker mot Tyrkia, men talet er på veg ned. Tyrkia har sett dialog mellom religionane på dagsordenen i internasjonale organisasjonar som Europarådet og OSSE.

Regjeringa vil oppgradere kontakten sin med Tyrkia. Ein tek sikte på årlege møte mellom utanriksministrane og årlege møte på statssekretærnivå. I desse møta vil ein kunne ta opp alle former for brot på menneskerettane, òg situasjonen for religiøse minoritetar.

I tillegg vil ein styrkje den norske innsatsen og støtta til arbeidet for menneskerettar og demokrati i Tyrkia. Som no vil dette gå føre seg gjennom norske, lokale og internasjonale organisasjonar. Engasjementet vårt for menneskerettar vil vere ein viktig del av ein tettare politisk kontakt med tyrkiske styresmakter.