Historisk arkiv

Interpellasjonsdebatt i Stortinget 8. februar om arbeidet for å styrke religions- og livsynssfriheten. Utenriksminister Støres og stortingsrepresentant Lilletuns innlegg og replikker

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Utenriksminister Jonas Gahr Støre

Interpellasjonsdebatt i Stortinget 8. februar om arbeidet for å styrke religions- og livsynssfriheten. Utenriksminister Støres og stortingsrepresentant Lilletuns innlegg og replikker.

Stortinget, 8. februar 2006

Midlertidig referat. For hele referatet, se www.stortinget.no

Interpellasjon fra representanten Jon Lilletun (KrF) til utenriksministeren:

«Artikkel 18 i Konvensjonen om sivile og politiske rettar slår fast at alle har rett til åleine eller saman med andre å utøve sin religion, privat og offentleg. Trass i dette skjer det brot på religionsfridomen i ei rekkje land, og mange vert krenkte for si trus skuld. I fleire land gjev ikkje styresmaktene innbyggjarane sine effektivt vern, og mange religiøse minoritetar vert møtte med unødvendig brutal bruk av makt frå styresmaktene. I Kina og Vietnam vert kristne og muslimske leiarar forfølgde og dømde til døden. I Turkmenistan ser vi ein auka religiøs intoleranse. I Pakistan, Egypt og Iran risikerer konvertittar livet. På bakgrunn av dei mange grove brota på menneskerettane er det behov for å auke presset på statar som krenkjer trusfridomen. Kva vil utanriksministeren gjere for å auke vernet om trusfridomen?»

Jon Lilletun (KrF):

Min interpellasjon i dag om trusfridom har fått eit dramatisk bakteppe i den veldige demonstrasjonsbølgja som dei siste dagane har rast over mange muslimske land, særleg i Midtausten. Grunnane til herjingane er nok samansette, men eit viktig moment er at mange muslimar kjenner sin religiøse identitet trampa på. Dei reagerer på at deira fremste profet vert karikert og håna. Raseriet er derfor dels ein reaksjon på noko dei kjenner som ei audmjuking, og dels eit uttrykk for at dei lever i eit samfunn der ein ikkje har nokon sterk tradisjon for trusfridom og ytringsfridom.

Skal vi kunne førebyggje denne typen reaksjonar, må vi tryggje trusfridomen den plassen i samfunnet som erklæringa om menneskerettane krev. Fleire av dei landa der innbyggjarane no reagerer med vald, har gjeve religion ein sentral plass i samfunnet, men ikkje trusfridom. Derfor må vi auke vernet om trusfridomen, for å unngå situasjonar som dette i framtida.

Som Jürgen Habermas påpeikar, spelar religionen ei stadig viktigare rolle for politiske føremål over heile verda, bortsett frå i Europa. I eit verdshistorisk lys er den vestlege rasjonalismen faktisk det verkelege unntaket, seier han. Habermas meiner at så lenge dei sekulære borgarane oppfattar religiøse tradisjonar og religiøse fellesskap som ei forelda leivning frå førmoderne samfunn, vil dei oppfatte trusfridomen som lite anna enn eit vern av ein utryddingstrua art. Etter deira meining har religion i seg sjølv ikkje lenger nokon rett til eksistens.

Det må ikkje verte slik at dei som er opptekne av trusfridom, framstiller det sekulære som det optimale og berre sjeldan finn høve til å påpeike brot på retten til å tru. I den vestlege verda i dag er vi svært opptekne av det sekulære, og det vert ofte framheva som eit ideal. Då ser ein ikkje den rolla religion og tru spelar i det menneskelege livet i det daglege. Kanskje er det nettopp fordi vi er vortne så opptekne av det sekulære, at vi gløymer å rette merksemd mot det religiøse?

Vi kan ikkje rangere menneskerettane. Alle er like viktige, og alle fortener auka fokusering. Det skjer i dag grove brot på dei sosiale, økonomiske, sivile, kulturelle og politiske rettane i mange land. Eg vil likevel rette merksemda mot éin menneskerett i denne interpellasjonen, nemleg retten til trusfridom.

Kvifor er det så viktig å fokusere på religiøs forfølging og trusfridom? Fordi lidingar eller død på eit slikt grunnlag er verre enn noko anna? Nei, absolutt ikkje. Årsaka til at vi treng merksemd på trusfridom, er at temaet har vore forsømt, meir enn mange andre menneskerettar. Det skjer i dag grove brot på trusfridomen, utan at dette får særleg merksemd. Difor treng saka større politisk merksemd. Heller ikkje menneskerettsorganisasjonar har hatt trusfridom høgt på agendaen.

Ei av årsakene til at trusfridom og religiøs forfølging har vorte neglisjert, er at tru ikkje har vorte sett på som ein viktig del av menneska sine liv. Det essensielle punktet her er ikkje om ein er personleg truande eller mislikar religion, men om ein innser at religion er eit nøkkelelement i dei politiske og menneskelege rettane.

Trusfridom og forfølging for si trus skuld handlar ikkje om menneskerettsbrot mot alle religiøse menneska. Dei fleste menneske i verda har ei religiøs tilknyting. Det eg er oppteken av, er forfølging av menneske der sjølve årsaka til forfølginga er den religiøse tilknytinga. Til dømes hadde dei fleste i Rwanda ei religiøs tru, men folkemordet var etnisk basert. Menneska vart drepne fordi dei var tutsiar, uavhengig av deira religion. Så skal vi samstundes erkjenne at det berre er få konfliktar der religion er den einaste årsaka; det heng som regel saman med etniske, politiske, religiøse og økonomiske årsaker.

Den 1. februar 1972 vart det reist ein interpellasjon her i Stortinget om kva Noreg kunne gjere for å få slutt på forfølginga av kristne bak jernteppet, i Sovjetunionen. I debatten deltok representantar frå alle partia som då var representerte på Stortinget. Det var det første parlamentet i verda som tok opp forfølginga i Sovjetunionen til debatt, og interpellasjonen til Bergfrid Fjose vekte stor politisk merksemd. Saka fekk brei dekning i pressa. Den engelske utgåva av referatet frå debatten vart send til dei fleste styresmaktene i verda og til leiarar av store internasjonale humanitære, kyrkjelege og politiske organisasjonar. Bergfrid Fjose fekk takkebrev frå truande menneske i Sovjet. Det viktigaste var at saka vart sett på den politiske dagsordenen. Dette fekk store konsekvensar for mange menneske.

Eg har ikkje mindre ambisjonar med denne interpellasjonen – heller større. I ein kommentar til debatten i 1972 heitte det at interpellanten ikkje fekk noko klart og eintydig svar på spørsmålet sitt, og at det vel heller ikkje var forventa. Eg har forventningar til utanriksministaren og til kva vi konkret kan oppnå med å reise ein debatt om trusfridom. Eg vil difor seinare kome med konkrete forslag til kva Noreg kan gjere for å auke merksemda på trusfridomen.

Artikkel 18 i Konvensjonen om sivile og politiske rettar slår fast at alle har rett til åleine eller saman med andre å utøve sin religion, privat og offentleg. Dei fleste landa i verda har skrive under på denne konvensjonen, men vi veit at mange styresmakter bryt desse rettane kvar dag. I Kviterussland går utviklinga i feil retning. I Pakistan, India og Egypt risikerer konvertittar livet. I Egypt er det framleis vanskeleg for unge koptarar å få seg utdanning. I Turkmenistan og Irak har ein sett ein aukande religiøs intoleranse.

Like før jul hadde vi ein debatt i Stortinget om situasjonen i Iran. Det er ikkje tvil om at det iranske regimet bryt menneskerettane. Der vert bahaistudentar nekta tilgang til høgare utdanning. Iranske styresmakter har gjort det klart at dei ville fått tilgang om dei erklærte seg som truande muslimar. Presidenten i Iran er òg med på å spreie religiøs intoleranse med sine fråsegner om jødar. Han meiner Holocaust er ein myte, og han vil fjerne Israel frå kartet. Mange asylsøkjarar kjem til Noreg frå Iran, nettopp på grunn av religiøs forfølging. Noreg må ta dette på alvor. Eg vert uroleg når eg les skrivet frå UNE om at så lenge iranske konvertittar held trua si for seg sjølve, vil dei ikkje risikere noko ved berre å ha konvertert. Det står i Utlendingsnemnda sitt praksisnotat frå 27. mai 2005. I det same notatet viser dei til at islamsk lov heimlar dødsstraff ved fråfall frå islam. I artikkel 18 i Konvensjonen om sivile og politiske rettar står det ikkje berre at ein har rett til ei privat tru. Ein har òg rett til å utøve si tru saman med andre. Utanriksministaren sa sjølv i debatten 25. november at utviklinga når det gjelder menneskerettar i Iran, er urovekkjande.

Like etter denne stortingsdebatten fekk eg ein urovekkjande e-post. Det gjaldt situasjonen i Indonesia. I e-posten var det ei lang skildring av dei store utfordringane kristne i Indonesia står overfor. Sterkast var likevel bileta av unge jenter som vart halshogde i Poso i oktober 2005. Dei vart halshogde fordi dei var kristne. Fleire andre unge kristne jenter er no truga med halshogging. Her må Noreg gjere noko før fleire jenter vert drepne.

Situasjonen i Kina har ved fleire høve vore oppe til debatt i Stortinget. Kristeleg Folkeparti fremja seinast våren 2005 ein interpellasjon om brota på menneskerettane i Kina. Landet har stor økonomisk framgang, men lite vert gjort for å stanse undertrykkinga og krenkinga av dei sivile og politiske rettane. Uigur muslimane og tibetanske buddhistar lever under kulturell og religiøs undertrykking. Tilhengjarar av Falun Gong vert torturerte, dei vert dømde til fengselsstraffer på over 20 år, og dei vert lagde inne på mentalsjukehus eller sende til arbeidsleirar utan rettargang. Protestantar og katolikkar vert trakasserte, kyrkjer vert øydelagde.

Noreg har mykje samarbeid med Kina, og det gjev oss eit godt grunnlag for å kritisere brota på menneskerettane. Eg trur vi kan bruke dei årlege rundeborda i menneskerettsdialogen meir aktivt. Eg trur òg det ville vere nyttig å effektivisere og tilføre meir ressursar til organisasjonar og rørsler som arbeider med desse tema, som t.d. Oslokoalisjonen, Kina-programmet, Amnesty og Helsingforskomiteen.

Noreg har òg ein menneskerettsdialog med Vietnam. Her finn vi fleire prov på at religiøse minoritetar vert brutalt torutererte av styresmaktene. Særleg gjeld dette etniske hmongkristne og andre religiøse minoritetar.

På bakgrunn av dei mange grove brota på menneskerettane er det svært alvorleg å registrere at det har vore lite politisk press på statar som nektar å vareta innbyggjarane sin rett til religions- og trusfridom. Eg har nemnt nokre få land. Lista er lang. Svært mange vert krenkte. Kvar dag lever menneske i frykt for si trus skuld. Noreg må gjere meir for desse menneska.

Eg ynskjer her å kome med konkrete tiltak, så dette ikkje berre vert ein debatt om ord, men om handling:

  • Trusfridom må høgare opp på den politiske agendaen. Kvar gong Noreg har kontakt med totalitære regime, må vi ha menneskerettar og trusfridom som ein del av forhandlingane og samtalen.
  • Vi bør òg gå i tettare dialog med andre land og organisasjonar. Saman kan vi øve eit sterkare press på statar for å stanse krenkinga og forfølginga av truande.
  • Det bør òg opprettast ein eigen uavhengig kommisjon for trusfridom. Denne kommisjonen må kome med årlege anbefalingar til Utanriksdepartementet. Ein slik kommisjon har USA oppretta, og han vert sett på som svært truverdig og er mykje brukt av menneskerettsorganisasjonar verda over.
  • Utanriksdepartementet bør utarbeide ein årleg rapport om trusfridom. Denne må vere basert på ei eiga forsking og på data frå uavhengige forskingsinstitusjonar, organisasjonar, fagmiljø og ein eventuell uavhengig kommisjon.
  • Utanriksdepartementet må vere pro-aktiv og i stadig dialog med frivillige organisasjonar som arbeider med temaet. Det er mange i Noreg som har grundig kjennskap til dette feltet og til forholda i dei særskilde landa, m.a. Norsk Misjon i Øst og Amnesty.
  • Utanriksdepartementet kan opprette ei stilling som ambassadør eller spesialrådgjevar for internasjonal trusfridom.
  • Departementet bør ha ei eiga heimeside på Internett for trusfridom og religiøs forfølging.
  • Diplomatar og tilsette i utanrikstenesta bør verte lærte opp til religionsforståing og verte betre orienterte om brota på menneskerettane som gjeld dei religiøse rettane.

Utenriksminister Jonas Gahr Støre:

Av forskjellige årsaker har det dessverre tatt noe tid før denne interpellasjonen kunne bli besvart. Men den siste tidens hendelser har vist hvor høyaktuell saken er, så jeg takker for spørsmålet.

Religions- og livssynsfriheten er grunnleggende blant menneskerettighetene, noe representanten Lilletun gjør rede for, ikke bare fordi religions- og livssynsfriheten utgjør en fundamental rettighet for ethvert menneske, gir identitet og er et følelsesmessig forhold, men også fordi religionen kan misbrukes, ikke minst i voldelige konflikter.

Arbeidet for å styrke religions- og livssynsfriheten er en del av vår samlede innsats for menneskerettighetene, og dette har høy prioritet for denne regjeringen.

Religions- og livssynsfriheten står i nær sammenheng med ytringsfriheten, forsamlingsfriheten og organisasjonsfriheten. Ytringsfrihet er en forutsetning for at mennesker skal kunne utøve sin religion og sitt livssyn. Det er en rettighet som er kjempet fram gjennom tidene til den status den har i dag. Den må vi bidra til å holde intakt og ikke svekke.

En annen verdi har også kjempet seg fram. Det er evnen til dialog, evnen til kompromiss, en innstilling til forskjeller som gjør at vi kan leve med dem og ikke ty til vold.

I mange stater finnes restriksjoner i organisasjonsfriheten for å innskrenke borgernes religionsutøvelse. Eksempler på dette ser vi i Kina og Vietnam, hvor myndighetene krever at alle religiøse grupper skal registreres og godkjennes. Retten til å utøve sin tro er avhengig av ytringsfriheten. Samtidig kan ytringsfriheten brukes til å krenke andre menneskers religionsutøvelse. Det er dette noe av den aktuelle striden rundt de såkalte karikaturene handler om, hvor vi ser at verdier blir satt opp mot hverandre.

Ytringsfriheten er en grunnleggende rettighet i vårt land. Det er et kjennetegn ved vårt demokrati at det ikke er regjeringens ansvar å bestemme hva som står i norske medier. Redaktørene må ta ansvar. Så er det eventuelt opp til domstolene å vurdere om ytringer er av en slik art at de kommer på kant med lovens bestemmelser, som setter grenser for ærekrenking, trusler e.l. Samtidig mener jeg at det er en del av ytringsfriheten å avveie hva man trykker og ikke trykker, og at det må være tillatt å påpeke at noe som er kommet på trykk, kanskje burde vært utelatt, uten dermed å antyde at loven burde forby det.

Jeg har forståelse for at karikaturen av profeten Muhammed oppleves som krenkende for muslimer, og at slike ytringer bidrar til å forsterke motsetninger, øke spenningen og polariseringen innad og mellom kulturer. Vi må ta klar avstand fra de voldelige aksjonene som vi har sett den siste tiden, slik vi har vært inne på tidligere i dag. Samtidig vil jeg også bruke denne anledningen til å rette en takk til muslimske miljøer i Norge, som vi har et godt samarbeid med, og som på en konstruktiv måte bidrar til å dempe spenninger gjennom dialog og brobygging.

Interreligiøs dialog er et sentralt virkemiddel både på myndighetsnivå og i det sivile samfunn. Her kan jeg bl.a. nevne dialogen som har funnet sted mellom Mellomkirkelig Råd og Islamsk Råd.

Vi vil bruke tiden framover til å holde nær kontakt med muslimske miljøer og oppfordre dem til å bruke sitt kontaktnettverk til å bidra til å dempe de spenningene som har oppstått. Det er også en del av det større bildet som representanten Lilletun har trukket opp.

La meg peke på noen utviklingstrekk som truer religions- og livssynsfriheten bl.a. i lys av de landeksempler representanten Lilletun trekker opp. Kampen mot terror kan skape utfordringer for religions- og livssynsminoriteter. FNs spesialrapportør for religions- og livssynsfrihet er bekymret for økt religiøs intoleranse som følge av at religion kobles til terrorhandlinger. Kampen mot terror må ikke føres slik at den forsterker mistillit og fiendebilder. Da er vi like langt.

Når alminnelige rettssikkerhetsgarantier ikke foreligger i et land, er religiøse minoriteter spesielt utsatt for menneskerettighetsbrudd. Medlemmer av slike minoriteter kan risikere langvarige frihetsstraffer og, enda verre enn det, dødsstraffer, som representanten Lilletun var innom. Dette er forhold vi ikke kan akseptere. Derfor tar vi opp brudd på religions- og livssynsfrihet når det skjer ved hjelp av internasjonale og bilaterale virkemidler og kanaler, og vi tar opp enkeltsaker der personer er fengslet på grunn av sin religiøse tro.

Gjennom Norges menneskerettighetsdialoger arbeider norske institusjoner for å påvirke rettssystemene i f.eks. Kina og Vietnam, sammen med partene i disse landene. Brudd på trosfriheten har i flere land sammenheng med inter- og intrareligiøse konflikter, og overgrep begås av religiøse grupper uten tilknytning til staten. Selv om den enkelte stat har ansvaret for å forhindre slike overgrep, får ikke alltid religiøse minoriteter vern av myndighetene. Minoritetsgruppene utsettes for trakassering, og alvorlig voldsbruk forekommer. At stater på grunn av manglende evne eller vilje ikke klarer å beskytte sine innbyggere, viser at vår innsats for fremme av trosfriheten også må rettes mot det sivile samfunn. La meg ta et eksempel: Pakistan.

Den største trusselen mot trosfriheten i Pakistan kommer fra militante muslimske krefter. Konflikter mellom sunni- og sjiamuslimer krever menneskeliv. Det forekommer også angrep på konvertitter, ahmadiyyaer og den kristne minoriteten i landet. Etter initiativ fra pakistanske myndigheter har Norge engasjert seg for å fremme interreligiøs dialog mellom muslimer og kristne. Dialogen utgjør en plattform også for intern muslimsk dialog med hovedfokus på å ansvarliggjøre og moderere de fundamentalistiske kreftene i Pakistan. Kirkens Nødhjelp har her spilt en viktig tilretteleggerrolle, og det viser den betydningen organisasjoner og nettverk i det sivile samfunn har. Vi vil jobbe gjennom dem som en av våre strategier.

Religiøs dialog er på den måten en viktig del av Norges bilaterale samarbeid med en rekke land, og dette arbeidet ønsker vi å videreføre. Religiøs dialog er en integrert del av vårt arbeid for fred, forsoning og menneskerettigheter. Vi støtter inter- og intrareligiøse prosesser i konfliktområder som Midtøsten, på Afrikas Horn og som nevnt i Pakistan. Flere norske organisasjoner får støtte til å drive slikt arbeid, bl.a. Mellomkirkelig Råd, Kirkelig fredsplattform og Kirkens Nødhjelp. Vi har i flere år også støttet Oslokoalisjonen for tros- og livssynsfrihet, og arbeider for å fremme toleranse bl.a. i Kina, Indonesia, Kaukasus og Sentral-Asia. Jeg må også nevne møtet som Gunnar Stålsett har ledet i Oslo i disse dager mellom ulike religionsretninger i Europa, et positivt tiltak som Regjeringen vil støtte.

Regjeringen ønsker å videreutvikle arbeidet med religionenes rolle i utenrikspolitikken. Ved årsskiftet ble det opprettet en prosjektgruppe om religiøs dialog med representanter også fra eksterne miljøer i Norge. Formålet er å utveksle og systematisere erfaringer fra religiøs dialog og peke på muligheter for å styrke norsk tilrettelegging av slike dialoger.

Vi vil også videreføre kompetansebyggingen om religionenes rolle i internasjonal politikk. Gjennom et forum for religion og utenrikspolitikk vil vi holde jevnlige møter med norske miljøer for å drøfte arbeidet innenfor dette feltet. Stikkordene er kunnskap, forståelse, respekt og dialog. Det er gjennom en kritisk dialog vi best kan øve innflytelse på stater der det er behov for økt respekt for trosfriheten. Gjensidig isolasjon og boikottliknende virkemidler som ikke er forankret i klare FN-vedtak, vil vanskelig føre fram.

Vårt syn kommer tydelig til uttrykk i alt vårt engasjement i FN, hvor vi bl.a. støtter aktivt FNs spesialrapportør for religions- og livssynsfrihet, og vi var medforslagsstiller til resolusjonen om religions- og livssynsfrihet da denne ble behandlet sist høst. I de land hvor det er mulig, har vi kontakt med menneskerettighetsforsvarere og andre representanter for det sivile samfunn. Ofte samarbeider Norge med EU, og vi er aktive støttespillere i OSSEs og Europarådets arbeid for religiøs toleranse. La meg også nevne at vi har utarbeidet en egen håndbok til støtte for menneskerettighetsaktivister i mange land. Den kan også komme godt med her.

Jeg vil takke representanten Lilletun for at han har reist dette spørsmålet. Dette blir et område Regjeringen vil vie økt oppmerksomhet. Bred forankring i Stortinget vil være et siktemål for den videre utformingen av politikken. Jeg har også notert meg de forslagene som representanten Lilletun fremmet. Alle forslag vil vi studere med interesse, og vi vil melde tilbake vår vurdering av dem.

Jon Lilletun (KrF):

Eg vil takke utanriksministeren for svaret, eit svar eg oppfatta som stort sett positivt. Det er svært mange av dei tiltaka som det vart referert til og som har hatt ei lengre historie bak seg, og òg initiativ som utanriksministeren har teke, som eg synest er svært positive.

I dagens Vårt Land uttrykkjer biskop Younan, den lutherske biskopen i Jerusalem, at det er behov for meir dialog mellom religionane og ikkje minst mellom islam og kristendommen. Han framhevar Oslokoalisjonens arbeid i forhold til akkurat den biten.

Etter det som vart sagt i debatten etter statsministeren si utgreiing i dag, og at mange har gjeve ros til dei muslimske miljøa i Noreg, er det heilt opplagt at ein av grunnane til at ein har lukkast, er at dette ikkje kom heilt uforvarande på det norske miljøet. Oslokoalisjonen og andre krefter i Noreg har gjennom lang tid bygd tillit mellom desse miljøa, som det faktisk er viktig å vise til, og det er det arbeidet som biskop Younan ber om at ein òg i større grad fremmar internasjonalt. Difor helsar eg med glede at ei støtte til religiøs dialog mellom kyrkjeleiarar nasjonalt og internasjonalt vert sett i gang, og likeins at ein òg støttar eit folk til folk-samarbeid –eit menneske til menneske-samarbeid – mellom frivillige organisasjonar innanfor dei forskjellige religionane.

Eg hadde i mitt tilleggsspørsmål tenkt å utfordre statsråden på dei konkrete forslaga som eg har fremma, men der har han allereie kvittert med at han skal sjå positivt på det med omsyn til ein gjennomgang, så då vil eg berre seie at eg ser med forventning fram til den tilbakemeldinga. Eg meiner at svaret frå utanriksministeren i dag bør vere grunnlag for at Noreg ytterlegare kan styrkje den posisjonen som vi har på dette feltet.

Utenriksminister Jonas Gahr Støre:

Jeg tror representanten Lilletun og jeg ser veldig likt på mange av disse spørsmålene. I min redegjørelse understreket jeg betydningen av menneskerettigheter og det å arbeide langs flere spor. Også her tror jeg vi har felles syn. Hvorvidt deler av tiltakene som er foreslått, allerede er dekket, eller kan imøtekommes på andre måter, skal vi da med respekt vurdere.

Jeg vil også si meg enig i det som er blitt sagt, og som egentlig har vært lite framme i offentligheten, nemlig hvordan Mellomkirkelig Råd og Islamsk Råd i flere uker har jobbet med denne saken som nå har eksplodert internasjonalt. I møte med begge de partene har jeg fått en innsikt i at det har vært arbeidet klokt, målrettet og ansvarlig med denne saken lenge før offentligheten ble kjent med den. Jeg tror de dialogene er noe av grunnen til, som også representanten Lilletun sier, at denne saken er blitt behandlet med klokskap i det norske samfunn. Dette er vi opptatt av også i den bredere utenrikspolitiske sammenhengen.

Jeg vil imidlertid understreke betydningen av at vi ikke isolerer den religiøse dimensjonen i vår tilnærming til internasjonale konflikter og dialogprosesser, fordi den jo ofte henger sammen med det økonomiske, det sosiale osv., og også er på vakt mot den fare som ligger i at autoritære krefter utnytter religiøse strømninger og stemninger til å fremme autoritære politiske mål. Men det å ha økt kunnskap om hvordan religionen spiller inn på vårt fagfelt – utenrikspolitikken – har ligget til grunn for de tiltakene jeg nevnte, som opprettelse av et eget forum, økt forskning og økt kontakt med ulike nettverk.

Jeg vil samtidig si at jeg er helt enig når det gjelder Oslokoalisjonens rolle, men det er også betenkelig, som vi i dag hørte på radioen, at Trond Bakkevik måtte meddele at et planlagt møte måtte utsettes på grunn av det som nå skjer i Midtøsten rundt disse spørsmålene. Det viser jo da også hvor sårbare slike positive tiltak er.

***

Jon Lilletun (KrF):

Eg vil takke alle som har hatt ordet i denne debatten, for at det er dokumentert at det er eit sterkt samla politisk Noreg som vil slåss for religionsfridom, trusfridom og forsamlingsfridom.

Så lever vi heilt klart med ein del dilemma. Eg starta innlegget mitt med å sitere Jürgen Habermas, ein av vår tids største filosofar, og det er ikkje tvil om at hans påpeiking av at vi i Vesten – men fyrst og fremst Europa – på ein måte har neglisjert den religiøse dimensjon, er ei veldig interessant og viktig påpeiking. Kanskje kan dei siste vekers hendingar, kanskje kan det at vi har vorte fleirkulturelle, og at dei som har busett seg i Noreg med andre religionar, òg er tydelegare i forhold til sin religion, bevisstgjere oss meir. Vi treng bevisstheit om vår eigen religion òg for å kunne ha ein skikkeleg dialog og kunne respektere dei andre.

Så er det eit paradoks, slik som mange har sagt, at i det internasjonale samfunnet er det fyrst og fremst dei statane som framleis vedkjenner seg kommunismen, og dei som er muslimske, som har problem i forhold til det vi har diskutert i dag. Det varierer der òg, men dei har problem. Dei har samtidig skrive under på FNs menneskerettar totalt sett. Det er klart at det er ein observasjon vi kan gjere. Og så må vi i dei eigna fora arbeide for at dette faktisk vert lyfta fram, og at ein tør å lyfta det fram i lyset, diskutere det og forsøke å forbetre det. Det gjeld i forhold til ytringsfridom, det gjeld retten til å konvertere, og det gjeld retten til å utøve og praktisere si tru.

Dei forslaga som eg hadde til kva vi kan gjere for ytterlegare å auke vår innsats, ser eg fram til at vi får ei tilbakemelding på.

Så vil eg avslutte som representanten Johannes Østtveit frå Kristeleg Folkeparti gjorde i debatten i 1972. Han sa det slik: «ein vaken verdsopinion er den viktigaste støtte dei forfølgde kan få.» Eg er overtydd om at det at den norske regjeringa tek dette på alvor og er ein del av denne verdsopinionen, er den beste hjelpa som einskildmennesket som lever i dagleg undertrykking, kan få.

Utenriksminister Jonas Gahr Støre:

Jeg vil også takke for mange gode innlegg og interessante belysninger av dette store og viktige tema. Jeg vil egentlig ikke kommentere hvert og ett av dem, for jeg synes de står godt på egen fot.

Jeg vil komme med tre kommentarer, den ene er til representanten Skei Grande. Jeg er helt enig i at det reiser seg noen dilemmaer – hva kommer istedenfor religion, hva kommer istedenfor et autoritært styresett, forhold til nasjonalisme. Det er et stort, sammensatt spørsmål, men jeg vil vektlegge betydningen av utviklingen av sivile samfunn. Det som jo manglet i de kommunistiske statene, var et sivilt samfunn med mangfold, pluralisme og evne til å kverne synspunkter rundt på en måte som gjør at vi kan leve med forskjeller. Der er jo mange av disse landene kommet langt, særlig de som er bærere av store europeiske kulturtradisjoner. Men også andre land i det som var det tidligere Sovjet-området, strever med det, så vi må i vårt samarbeid med disse landene også fokusere på det vi kan gjøre. Kanskje er det lite, men allikevel viktig for å stimulere samarbeid mellom de sivile samfunn.

Så er det Habermas’ observasjon, at vi «har neglisjert den religiøse dimensjon». Det kan man gjøre seg mange tanker rundt, men jeg synes de siste dagers hendelser på mange måter illustrerer hvor fremmed begrepet «tro» er fra vårt ordskifte, og at tro i tråd med våre samfunnstradisjoner i stor grad er gjort til et privat anliggende. Det mener jeg er riktig, men det er samtidig et uttrykk for at vi blir fremmede og kanskje usikre i håndteringen av det. En jusprofessor er i dag sitert i Dagbladet, at man «Må kunne tulle med Muhammed». Ja, man kan det i henhold til vår ytringsfrihet. Men jeg mener at den uttalelsen i seg selv etterlater ettertanke om hvordan vi omgås den type begreper, som altså er viktige for andre.

Det siste jeg så vil si, er at vi må se på oss selv. Det farlige i denne situasjonen er om vi henfaller til en slags idyllisk tanke om at alt er bra her, selv om, som representanten Skei Grande sier, det er bedre her enn mange andre steder. Jeg blir urolig av å høre flott ungdom med muslimsk tro si at de opplever daglig en type trykk, og at de bøyer nakken for sin tro. Vi kan ikke akseptere en tro som gir seg utslag i vold, intoleranse og brudd på norsk lov. Men som vi har fått gjentatt flere ganger, og ikke kan gjenta nok: De aller fleste muslimer har ikke den type trosmanifestasjon. Jeg mener det er historiske paralleller av meget betenkelig karakter av folk som med sin tro bøyer nakken. I stortingspresidentens artikkel forleden dag i avisen viser han til den israelske forfatteren Amos Oz, som i sin bok skriver om sin oppvekst, hvordan jødene måtte bøye nakken, holde en lav profil for ikke å bli tuktet for sin tro. Jeg blir urolig over at folk sier at de opplever det samme i vårt samfunn her, hvilket ytterligere understreker betydningen av dialog og å ta dette på alvor i vårt samfunn.

Presidenten: Dermed er sakene på dagens kart ferdigbehandla.

[For de øvrige innleggene og hele referatet i endelig versjon, se www.stortinget.no ]