§ 20-1 bokstav d - Departementet svarer på spørsmål om våtrom i naust

Spørsmål om våtrom/toalett i naust og hva som utløser søknadsplikt etter plan- og bygningsloven

Vi viser til e-post av 17. november 2022 med spørsmål om våtrom/WC i naust og kva som utløyser søknadsplikt etter plan- og bygningslova.

Vi tek ikkje stilling til konkrete enkeltsaker, og uttaler oss derfor på generelt grunnlag.

Plan- og bygningslova (pbl.) § 20-1 fyrste ledd nemner kva type tiltak som er omfatta av byggjesaksføresegnene. Arbeid som inneber å endre eit areal eller rom i eit byggverk, kan etter ei konkret vurdering omfattast av fleire alternativ i pbl. § 20-1. Å endre eit areal eller rom kan vere ei bruksendring etter bokstav d i føresegna. Dersom endringa utløyser behov for større byggjearbeidar, kan dei fysiske arbeida i seg sjølv falle inn under bokstav a, b eller c i føresegna. Endringa kan vidare vere oppføring eller endring av bygningstekniske installasjonar som for eksempel vatn- og avløpsanlegg etter bokstav f, eller medføre ei oppdeling av boenhet etter bokstav g.

Som nemnt i brevet vårt til Herøy kommune datert 30. juni 2022 (vedlagt) kan endring av naust vere søknadspliktig etter pbl. § 20-1 fyrste ledd bokstav d, jf. § 20-2. Søknadsplikta er nærmare presisert i byggjesaksforskrifta § 2-1 bokstav a til c. Alternativet i bokstav c presiserer at ei bruksendring er søknadspliktig dersom «tilleggsdel tas i bruk til hoveddel eller omvendt». Rettleiinga til byggteknisk forskrift § 6-1 definerer omgrepa hoveddel og tilleggsdel. Bad, dusjrom, toalett, vaskerom og badstove er eksempel på rom som er definerte som hoveddel, mens bod, oppbevaringsrom og garasje er definerte som tilleggsdel. Etter oppfatninga vår vil eit naust vere ei form for ein bod eller eit oppbevaringsrom, og er dermed normalt å vurdere som ein tilleggsdel. Ettersom eit toalett er definert som ein hovuddel, vil det som hovudregel vere søknadspliktig å etablere eit toalett på del av areal som blir nytta som naust.

Vi viser elles til rettleiing om bruksendring i brevet vårt av 30. juni 2022. Vi minner om at spørsmål om bruksendring av eit areal alltid må vurderast konkret, og at det sentrale omsynet bak søknadsplikta er at kommunen skal få moglegheit til å vurdere om den påtenkte bruken rører ved omsyn som plan- og bygningslova skal vareta. Å etablere eit toalett i eit naust kan etter vårt syn og vere omfatta av andre tiltak nemnt i pbl. § 20-1 fyrste ledd.

 

Kopi: Direktoratet for byggkvalitet